11 har søkt rektorstillinga på KHiO
11 personar hadde søkt stillinga som rektor ved Kunsthøgskolen i Oslo då søknadsfristen gjekk ut 30. januar. 2 personar har fått medhald i at namnet ikkje står på offentleg søkarliste.
På den offentlege søkarlista står:
Nr. | Navn | Stilling | Poststed |
1. | Notland, Helge Andreas Pareli (43) M | Head of NORCE Academy - HR - Norwegian Research Centre |
5305 Florvåg, Norge |
2. | Haaland, Agnete G. (62) K | Ideutvikler, manusforfatter, produsent, skuespiller i eget kompani |
0273 Oslo, Norge |
3. | Flom, Jonathan (45) M | General Manager | 98118 Seattle, USA |
4. | Unntatt offentlighet, | ***** | ***** |
5. | Dahr, Arne (53) M | Kulturskolerektor Eidsvoll | 0772 Oslo, Norge |
6. | Kandidaten trukket seg (logg) | ***** | ***** |
7. | Henriksen, Hans Pitzschker (57) M | Direktør | 9220 Aalborg Øst, Danmark |
8. | Sødal, Nils Harald (58) M | Professor II | 0853 OSLO, Norge |
9. | Langvik, Espen (47) M | Operasjef | 1065 OSLO, Norge |
10. | Christensen-Scheel, Boel (44) K | Dekan | 1369 Stabekk, Norge |
11. | Unntatt offentlighet, K | ***** | ***** |
Kjønnsfordeling
Kvinne: 3
Mann: 7
Ikkje oppgjeve: 1
Totalt: 11
2 personar har fått godkjent at namnet er unnateke offentlegheit, jf. Offentleglova § 25. 1 person har trekt søknaden.
Eit breitt samansett innstillingsutval leia av styremedlem Per Magnus Finnanger Sandsmark gjennomfører vurderinga av kandidatar og førebur tilsetjinga for styret.
- Innstillingsutvalet er glade for at det er brei interesse for stillinga som rektor ved Kunsthøgskolen i Oslo. Det syner at mange ønskjer å utvikle ein nasjonalt leiande vitskapleg høgskule for kunst, seier styremedlem Per Magnus Sandsmark. - Saman med rekrutteringsbyrå er vi i dialog med aktuelle kandidatar og arbeidet med mål om å tilsetje rektor i vinter.
Amrop Delphi er engasjert til å bistå i rekrutteringsprosessen.
Styret er tilsetjingsorgan.
Kontakt
- styremedlem Per Magnus Finnanger Sandsmark, e-post: per.magnus.f.sandsmark@nynorsk.no, telefon: 908 12 196 (om prosess og arbeid i innstillingsutvalet og styret)
- kommunikasjonssjef Atle Faye, e-post: atle.faye@khio.no, telefon: 913 47 369 (presse)