Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 117, Firefox (Android) 118, Android WebView 117, Chrome 117, Chrome 116, Chrome 115, Chrome 114, Chrome 109, Edge 117, Edge 116, Firefox 118, Firefox 117, Firefox 91, Firefox 78, Safari/Chrome (iOS) 17.0, Safari/Chrome (iOS) 16.6, Safari/Chrome (iOS) 16.3, Safari/Chrome (iOS) 16.1, Safari/Chrome (iOS) 15.6-15.7, Opera Mobile 73, Opera 103, Opera 102, Opera 101, Safari (MacOS) 17.0, Safari (MacOS) 16.6, Safari (MacOS) 15.6, Samsung 22, Samsung 21

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Studiebarometeret 2021

Studiebarometeret 2021

KHiO-studentane scorar noko lågare enn landsgjennomsnittet i overordna tilfredsheit, men høgare på område som undervisning og tilbakemelding.

Dette kjem fram i resultata frå den nasjonale studentundersøkinga Studiebarometeret 2021 i regi av Nokut. Alle andreårsstudentar på bachelor og masterstudium fekk hausten 2021 tilsendt ei spørjeundersøking om studiekvalitet. Berre 24 % av de 213 inviterte andreårsstudentane ved KHiO svarte, og den låge svarprosenten gjer at resultata har metodiske svakheiter.

Resultata frå spørjeundersøkinga i 2021 viser at KHiO-studentane er heilt i landstoppen når det gjeld kor mykje tid studentane brukar på studierelaterte aktivitetar, både mengde læringsaktivitetar og eigenstudium. Norske heiltidsstudentar brukar i snitt 33.9 timar i veka på studiane, på KHiO brukar studentane i snitt 43,6 timar.

Ting å ta fatt i

Heidi Marian Haraldsen-Det er imponerande at KHiO-studentane brukar så mykje tid på campus og eigenstudium, seier prorektor for utdanning Heidi Marian Haraldsen i ein kommentar. -Studiebarometeret gjev likevel enkelte resultat KHiO må ta på høgste alvor og aktivt jobbe med tiltak både på institusjonsnivå og i fagavdelingane.

-Vi erkjenner at pandemien har ramma kunstutdanninga hardt og at det å ha svært redusert tilgang til campus, fagleg fellesskap i undervisning og rettleiing, samt forbod mot sosiale møte i større grupper, har hatt negative konsekvensar for læringsmiljøet. Våre fag og utdanningar er heilt avhengige av fysisk tilgang til scener og verkstader, seier prorektor Haraldsen.

-Men KHiO må også erkjenne at fjorårets pågåande og polariserte debatt rundt ytringskultur, inkludering og mangfald har sett sine negative spor for læringsmiljøet. Læringsmiljøutvalet er i full sving med å utvikle ein handlingsplan for læringsmiljø i tett dialog med SU utvala ved KHiO som adresserer psykososialt, organisatorisk, pedagogisk, fysisk og digitalt læringsmiljø. Handlingsplanen skal ferdigstillast før sommaren 2022, seier prorektor Heidi Marian Haraldsen.

KHiO-resultat etter hovudområde

Tabell2

KHiO-resultat for enkeltområde

Studenttilfredsheit

KHiO-studentane scorar litt under landsgjennomsnittet for 2021, og på institusjonsnivå er det i stor grad dei same områda som peikar seg ut i år som i 2020, med unnatak av ein meir negativ trend rundt bruk av digitale verktøy. I svarkategorien "eg er, alt i alt, tilfreds med studieprogrammet eg går på" viser tala ein nedgang frå 2020.

Digitale verktøy

I kategorien «bruk av digitale verktøy» ligg svara frå KHIO-studentane også ein del under landsgjennomsnittet. KHiO-studentane er ikkje nøgd med bruk av læringsplattform, IKT-tenester og opplæring i bruk av digitale verktøy/program som er relevante for fagområdet.

Tilknytning til arbeidslivet

KHiO-studentane skårar lågt i kategorien, men her er det ikkje eit høgt avvik frå resten av sektoren. I denne samanhengen er det også verdt å merke seg at KHiO skårar godt over nasjonal skår på enkeltspørsmål om i kva grad studentane opplever at representantar frå arbeidslivet bidreg i undervisninga.

Eige engasjement

I kategorien «eige engasjement» og «forventningar» scorar KHiO godt over det nasjonale gjennomsnittet og studentane gir også skår over landsgjennomsnitt på den viktige kategorien «undervisning» og «tilbakemelding og rettleiing». Likevel går skåren noko ned frå resultatet i 2020.

Norske heiltidsstudentar brukar i snitt 33.9 timar i veka på studiane, på KHiO brukar studentane i snitt 43,6 timar.

Studiebarometeret 2021

Nokut gjennomfører den nasjonale spørjeundersøkinga om studentanes opplevde studiekvalitet på oppdrag av Kunnskapsdepartementet.

Undersøkinga vart gjennomført hausten 2021 og gjekk ut til ca. 74.000 studentar i andre studieår på bachelor- og masterprogram. Nærare 30.000 studentar svarte, noko som på landsbasis gjev ein svarprosent på 44 %.

På KHiO mottok 213 studentar undersøkinga, 51 studentar svarte, noko som gjev ein svarprosent på 24 %. Dette er lågare enn i 2020 då 89 studentar svarte, noko som i 2020 ga ein svarprosent på 42 %.

Resultata frå universitet og høgskolar som har delteke vart offentleggjort 8. februar 2022 i portalen studiebarometeret.no

Sjå rapport for KHiO studiebarometeret 2021 (pdf)