Ny kuf-side med aktuelle forskingsprosjekt
På khio.no er det publisert ei ny side som viser aktuelle forskingsprosjekt ved Kunsthøgskolen. Basis for sida er doktorgradsprosjekta og større pågåande forskingsprosjekt med ekstern finansiering.
Med Cristin som kjelde
Cristin (Current research information system in Norway) er eit nasjonalt forskingsinformasjonssystem som samlar og tilgjengeleggjer informasjon om norsk forsking.
Forsking som skjer på KHiO vert dokumentert og publisert i Cristin og KHiOs digitale arkiv, Khioda. På sikt skal desse integrerast i eit heilt nytt nasjonalt vitenarkiv.
Prosjekt som er lagt inn i Cristin kan nå haustas direkte inn på khio.no.
Registrering av forskingsresultat
Tilsette ved Kunsthøgskolen skal registrere resultat frå kunstnarisk utviklingsarbeid i Cristin.
Under bibliotek finn du meir informasjon om korleis registreringane skjer.
Dersom du som tilsett finn opplysingar som må endrast på den nye prosjektoversikta på khio.no må du altså sjølv endre opplysninga om forskingsprosjektet som ligg i Cristin, så blir opplysninga automatisk også oppdatert på khio.no.
Arbeid bak panseret
Det ligg ein omfattande utviklingsjobb bak den nye prosjektsida. Det var nybrotsarbeid å utvikle ein digital infrastruktur og integrering mellom ulike publiseringsløysingar, slik at data vert hausta automatisk vidare frå Cristin til khio.no. Dette arbeidet har skjedd i eit nært samarbeid mellom prorektor forsking, kommunikasjon, forskingsadministrasjon og bibliotek der nettredaktør i kommunikasjon har hatt sjølve utviklingsjobben med "dei digitale motorvegane".
I publiseringssystema har kvar fagtilsett ein unik kode som genererer informasjonsflyten mellom dei ulike systema.
Systemintegrasjonen sikrar nå at data automatisk vert sendt frå Cristin til den nye kuf-sida (aktuelle prosjekt) og den fagtilsette sin profil på khio.no (forskingsresultat). Vinn-vinn, når utviklingsjobben først er gjort.
Systemet har vore testa ut sidan august. Framleis manglar enkelte forskingsprosjekt og tilsette kan få desse på plass ved å ta kontakt med biblioteket eller kommunikasjon.
Desse hjelper deg på KHiO
Forskingsadministrasjon
Organiserer forskingsarbeidet og doktorgradsopptak på eit overordna nivå. Er også sekretær for forskingsutvalet og bistår prorektor forsking.
E-post: kuf-administrasjon@khio.no
Biblioteket
Hjelper til med registrering av forskingsresultat og forskingsdokumentasjon. For å opprette ny brukar, eller endre på data i Cristin må du alltid først ta kontakt med forskingsbibliotekar.
E-post: kuf-dokumentasjon@khio.no
Kommunikasjon
Står for utvikling og drift av nettsida khio.no. Publisererer og marknadsfører forskingsarrangement for eksternt publikum.
E-post: kommunikasjon@khio.no