KHiO opprettar utval for mangfald og likestilling
Styret vedtok på møte 15. september 2020 å opprette eit utval for mangfald og likestilling. Avdelingar, seksjonar og studentrådet blir nå bedt om å oppnemne representantar til utvalet.
Samansetjinga av utvalets medlemer blir:
- Rektoratet: 1
- Fagavdelingane: 6
- Seksjonane: 4
- Studentane: 6
- Ekstern medlem: 1
Utvalet får i oppgåve å utarbeide ein handlingsplan for ein bestemt periode, med årlege prioriterte innsatsområde. Handlingsplanen skal vedtakast av styret. Utvalet skal støtte leiarar i val av strategiar og utarbeide forslag til tiltak som skal ansvarleggjere leiarar og gjere dei medvitne i arbeid med iå iverta forpliktingane i lovverket. Utvalet skal leggje fram årlege rapportar for styret slik at desse kan innarbeidast i KHiOs årsrapport.
Bakgrunn
Sjå styresak 49/20 Mangfald og likestilling (pdf)
Lov om likestilling og forbod mot diskriminering pålegg offentlege myndigheiter, arbeidslivets organisasjonar og arbeidsgjevarar ein aktivitetsplikt for å fremje likestilling og hindre diskriminering. I tillegg har regjeringa utarbeidd ein handlingsplan mot rasisme og diskriminering på bakgrunn av etnisitet og religion.
KHiO utarbeidde i 2011 ein plan for likestilling, planen blei revidert i 2013.
Seksjon for verksemdstyring er sekretariat for det nye utvalet for mangfald og likestilling og styret skal orienterast om status for arbeidet på styremøte 27. oktober 2020.