KHiO får studentombod
Kunsthøgskolen går saman med fem andre høgskolar og etablerer ei felles ordning med studentombod.
-Dette er ei god løysning for Kunsthøgskolen, seier Gro Enerstvedt Smenes, seksjonssjef for studium, forsking og formidling ved KHiO. -Ulike modellar har vore diskutert og vi har saman blitt einige om å finansiere ei full stilling som skal inngå som ein del av studentombodstenesta ved Uniersitetet i Oslo. Dette gjev studentombodet eit større fagmiljø og våre studentar eit betre tilbod.
Avtale mellom seks institusjonar
KHiO skal samarbeide med Politihøgskolen, Arkitektur- og designhøgskolen, Noregs musikkhøgskole, Lovisenberg diakonale høgskole og Bjørknes høyskole om eit felles studentombod som skal ha kontor på Blindern. Dei seks høgskulane skreiv under avtale om samarbeid 15. oktober 2019. Prosessen med å rekruttere ein person til stillinga er i gang og så snart personen er i gang vil studentar og tilsette få meir informasjon. Studentombodet skal mellom anna vere ein nøytral part i møte mellom studenten og institusjonen og gje råd om kva rettar du har som student og rettleiing i korleis studenten går fram med saka si.
Lovheimla ordning
Lov om universitet og høgskolar blei endra med verknad frå 1. august 2019 då lova fekk dette tillegget:
§ 4-17. Studentombud
(1) Styret skal sørge for at alle studenter har tilgang til et studentombud.
(2) Studentombudet skal gi studenter råd og hjelp i saker knyttet til deres studiesituasjon. Studentombudet kan ikke instrueres i sitt virke. Studentombudet har taushetsplikt, jf. forvaltningsloven §§ 13 til 13 e.
(3) Departementet kan gi nærmere forskrift om studentombud.
Spørsmål om Studentombod?
Kontakt Seksjon for studium, forsking og formidling
Gro Enerstvedt Smenes, seksjonssjef, e-post: grosmene@khio.no
Anette Christensen, teamleiar studieadministrasjon, e-post: anette.christensen@khio.no