Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 130, Firefox (Android) 130, Android WebView 130, Chrome 130, Chrome 129, Chrome 128, Chrome 127, Chrome 109, Edge 130, Edge 129, Edge 128, Firefox 132, Firefox 131, Firefox 130, Firefox 91, Firefox 78, Safari/Chrome (iOS) 18.0, Safari/Chrome (iOS) 17.6-17.7, Safari/Chrome (iOS) 17.5, Safari/Chrome (iOS) 16.6-16.7, Safari/Chrome (iOS) 15.6-15.8, Opera Mobile 80, Opera 114, Opera 113, Safari (MacOS) 18.0, Safari (MacOS) 17.6, Samsung 26, Samsung 25

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Den økonomiske situasjonen: Brev frå styret til tilsette og studentar

Styret erkjenner at Kunsthøgskolen i Oslo er i ein vanskeleg situasjon. Styret samarbeider tett med leiinga og administrasjonen om å løyse dei økonomiske problema på kort og lang sikt.

Brev til tilsette og studentar ved Kunsthøgskolen i Oslo

- Vedlegg: Vedtak i sak 53/22 i styremøtet 25.10.2022

Styret erkjenner at Kunsthøgskolen i Oslo er i ein vanskeleg situasjon. Styret samarbeider tett med leiinga og administrasjonen om å løyse dei økonomiske problema på kort og lang sikt.

Økonomien dannar grunnlaget for all aktivitet ved KHiO. Vi har stor forståing for at dette pregar studie- og arbeidskvardagen til alle studentar og tilsette. Derfor arbeider vi no raskt og grundig saman med administrasjonen om å finne gode løysingar på kort og lang sikt.

KHiO er ein leiande vitskapleg høgskule som utdannar kunstnarar og designarar, forskar og driv kunstnarisk utviklingsarbeid. Det skal KHiO halde fram med.

Styret har i styremøta i september og oktober samla seg om samrøystes vedtak for å få oversyn over situasjonen og kunne fatte vedtak som reduserer kostnadene og risikoen for høgskolen. Vi har fått innsikt i den økonomiske stoda og bede om innsikt der vi ønskjer meir informasjon. Til saman dannar dette eit godt grunnlag frå styret for å fatte dei nødvendige vedtaka som trengst. Styret er også i dialog med Kunnskapsdepartementet.

Styret vert trygga av å høyre at seksjonane og avdelingane arbeider målretta for å få til best mogleg tilbod for tilsette, studentar og samfunn innafor dei økonomiske rammene vi har i 2022 og 2023. Arbeidet og innspel frå seksjonane og avdelingane kjem til å danne eit heilt sentralt grunnlag for dei økonomiske avgjerslene vi skal gjere. Dette er ein prosess i organisasjonen fram til endeleg budsjettvedtak i styremøtet 13.12.22.

Vi vedtok i styremøtet på tysdag prosess for tilsetjing av rektor. Det er også igangsett arbeid for å få på plass ein fungerande direktør frå 1. februar 2023.

Vi i styret har stor tru på at KHiO kjem seg gjennom denne situasjonen. Vi kjem framleis til å vere den leiande institusjonen for visuell kunst, scenekunst og design i Noreg. Styret vil takke alle tilsette og studentar som kvar da gjer ein innsats for KHiO. Det gjer at KHiO leverer på sitt samfunnsoppdrag; gjennom utdanning, kunstnarisk utviklingsarbeid, forsking og formidling.

Helsing styret ved Kunsthøgskolen i Oslo

Markus Degerman, rektor og styreleiar
Gunn-Elin Aa. Bjørneboe
Clara Claussen
Morten Gjelten
Anna Lindal
Christina Fossaas Lindgren
Martin Lundell
Trond Kasper Mikkelsen
Per Magnus Finnanger Sandsmark
Tiril Schrøder
Dariusz Stefan Wojdyga

Vedlegg: Vedtak i S-sak 53/22 Økonomisk status – plan og tiltak for å komme i økonomisk balanse

1. Styret ved KHiO har tru på at leiinga saman med tilsette i alle seksjonar og avdelingar klarar å løyse den økonomiske situasjonen til høgskolen på kort og lang sikt.

2. Styret bed om eit ekstra styremøte i november der den økonomiske situasjonen er hovudsaka. Dette inkluderer ytterlegare tiltak for å redusere meirforbruket i 2022.

3. I det ekstra styremøtet i november bed styret om at ei statusmelding for arbeidet med budsjett 2023 vert lagt fram. Budsjettet må når det er ferdig i desember vere i balanse og dekke inn meirforbruk for 2022. Måltala for studentar og stipendiatar i tilskotsbrevet må som eit minimum verte nådd. Direktør har fullmakt til å hente inn ekstern kompetanse for å få oversyn over den økonomiske stoda, framlegg til tiltak og ekstern kvalitetssikring av budsjettet.

4. Styret bed om at administrasjonen held fram med å greie ut og følgje opp husleigekostnadene.

5. Styret bed administrasjonen klargjere kvar meirforbruk utover energi- og husleiekostnader stammer frå. Styret meiner forslag diskutert i styreseminar 24.10.22, saman med dei innspela styret hadde i møtet og seminaret, skal greiast ut nærmare og vidare danne eit utgangspunkt for å løyse den økonomiske situasjonen. Konkrete tiltak med estimerte summar vert lagt fram i novembermøtet, og meir detaljert budsjettframlegg i desember.

6. Styret ønskjer høve til å kommentere brev til KD før det vert sendt ut 28.10.22.