Besøk av politisk rådgjevar
24. mars kl. 12.00-14.30 har KHiO besøk av politisk rådgjevar Signe Bjotveit i Kunnskapdepartementet.
Dette besøket kom i stand etter at KHiO sendte invitasjon til statsråden for høgare utdanning og forsking.
Fyrst er det felles lunsj med rektorat, direktør og dekanar der det blir gjeve ei innføring i verksemda på KHiO.
Emne er doktorgradsprogrammets funksjon i kunstnarisk utviklingsarbeid, campusutvikling og investeringsbehov.
Deretter er det omvising til eit utval verkstader og innlagt korte stopp ved pågåande doktorgradsarbeid, prøver ved scenene og rigging av utstilling.
Det er lagt opp til møte med eit utval stipendiatar, studentar og kunstfagleg tilsette.
Les også: Khrono: UiO-student blir politisk rådgivar for Borten Moe
Program
12.00-13.00 Lunsj med møte på rektoratets møterom
Orientering om KHiO
Regjeringas tillitsreform og prosess med ny utviklingsavtale
Doktorgradsprogrammets funksjon i kunstnarisk utviklingsarbeid
Campusutvikling, orientering om prosess med Statsbygg for betre arealutnytting og vurdering av kjøpsopsjon
Investeringsbehov
Kunnskapsdepartementet orienterer og stiller spørsmål
13.00-14.30 Omvisingar
Stofftrykk
Stipendiat Mari Koppanen og forskingsprosjektet: Utilisation of culturally significant polypore leather
Modell og prototype
Stipendiat Bjørn Blikstad og forskingsprosjektet: Level up
Besøk ved eit utval verkstader
Seilduken
Pågåande montering av utstillinga Spor
Scene 6
Prøve Operetteaften med Operahøgskolens masterstudentar
Scene 1
Prøve med Sjalusiens forbannelse (utdrag frå Othello og Vintereventyret av William Shakespeare med 2. år bachelor skodespel).
Hovudscenen
Scenisk formidling med 1 og 2. år bachelor klassisk ballett.