Agenda Kaupang skal bistå KHiO med organisasjonsevaluering
Hausten 2021 gjennomfører KHiO ei evaluering som skal gje meir kunnskap om dagens organisering samt refleksjonar og perspektiv for framtidig organisasjonsstruktur.
Agenda Kaupang er valt som leverandør for å bistå KHiO i prosessen. Det var i alt seks tilbydarar til oppdraget og ved vurderinga vart det lagt stor vekt på organisasjonsanalytisk tilnærming, perspektiv for analyse samt analysereidskap og korleis desse vil bli brukt og fungere ved ein institusjon som KHiO.
Agenda Kaupang vart valt etter ein føregåande anbodskonkurranse.
Intervjurunde med informantar
I evalueringa vil det bli lagt opp til aktivitetar for å gå både djupna og breidda ved innsamling av data, og i innleiingsfasen blir det gjennomført ein dokumentgjennomgang og innleiande intervju.
20 intervju skjer med interne informantar, med start i veke 43. Etter dette intervju med 5 eksterne aktørar med tilknyting til KHiO.
Å etablere rett utval av informantar til dei innleiande intervjua blir sett på som kritisk viktig. Det vert intervju med faglege leiarar, administrative leiarar, hovudtillitsvald, hovudverneombod og eit utval fagtilsette.
For å sikre breidde i datainnsamlinga vil Agenda Kaupang sende ut ei spørjeundersøking til tilsette og studentar med tema som er sentrale for evalueringa. Dei innleiande intervjua vil vere viktige for å få innsikt i kva temaområde som bør kartleggjast i heile organisasjonen.
I etterkant av spørjeundersøkinga vert det gjennomført 6-8 fokusgruppeintervju med 5-7 deltakarar i kvart intervju. Mot slutten av evalueringa er det planlagt dialogkonferanse, der analyser og vurderingar blir lagt fram for spørsmål og kommentarar. Agenda Kaupang er fagleg ansvarleg for evalueringa.
Endeleg rapport skal vere klar innan 1. februar 2022.
Styringsgruppe
Som del av organisasjonsprosessen er det oppretta ei styringsgruppe med følgjande samansetjing: rektor Markus Degerman (leiar), direktør Kristel Jæger Skorge, hovedtillitsvalde Merete Lingjærde (Forskerforbundet), Anders Hamre (NTL) og Christel Bie Lavik og hovudverneombod Kikki Norèn Løwgren.
Siren Tjøtta (verksemdstyring) er sekretær for styringsgruppa.
Bakgrunn
8. desember 2020, i S-sak 79/20, gjorde KHiO-styret dette vedtaket:
"Styret ber om at det planlegges for en evaluering av organiseringen av Kunsthøgskolen, både av den faglige og administrative virksomheten, med oppstart i 2021."
Sjå også oppfølgjande styresak 34/21 Plan for evaluering av organiseringen på KHiO til styremøte 15. juni 2021.