Your browser is not supported by khio.no. To view this site please upgrade or use another browser. If you can't use a modern browser, try disabling javascript, which will make khio.no simple, but mostly usable.

Supported browsers: Chrome 151, Firefox (Android) 153, Android WebView 151, Chrome 151, Chrome 150, Chrome 149, Chrome 148, Chrome 145, Chrome 120, Chrome 109, Edge 151, Edge 150, Edge 149, Firefox 154, Firefox 153, Firefox 152, Firefox 140, Safari/Chrome (iOS) 26.6, Safari/Chrome (iOS) 26.5, Safari/Chrome (iOS) 18.5-18.7, Opera Mobile 80, Opera 131, Opera 127, Safari (MacOS) 26.6, Safari (MacOS) 26.5, Samsung 30, Samsung 29

Javascript is disabled. khio.no should still be usable, but the user experience will be simpler.

Performance

Mare. Foto: Eirik Malmo, DNT.
Mare. Foto: Eirik Malmo, DNT.

Lisa Lie: Mare

Framsyninga Mare som går på Det Norske Teatret, er ein del av ph.d arbeidet til stipendiat Lisa Lie. Lie debuterer på DNT med denne framsyninga.

Regissør og stipendiat ved Teaterhøgskolen Lisa Lie vil i lag med dei kunstnarleg medverkande og ensemblet skape eit scenisk verk i spenningsfeltet mellom ei lys handling og ein mørk tekst. Det er ei framsyning om morskjærleik og med utgangspunkt i mytar, mellom anna frå antikken, blandar dei historie og samtid med eit urtidsteater som stammar frå dionysiske landlege rituelle festivalar.

Lisa Lie har brei erfaring frå teateret og verkar som scenekunstnar, regissør, performancekunstnar, og framsyninga hennar Blue Motell fekk i 2013 Heddaprisen for Særleg kunstnarleg innsats. Scenograf og kostymedesignar Maja Nilsen og Lisa Lie vil i lag skape ei framsyning der det surrealistiske og humoristiske møtest i eit slåande visuelt landskap, til musikk av Gåte-musikar Magnus Børmark.

Sjå billettbestilling og meir om framsyninga Mare på Det Norske Teatret
Les omtale i Aftenposten Anmeldelse av «Mare»: Dette kan rett og slett bli en kultforestilling