Festreglement på KHiO
Det er vår i lufta, smittevernsrestriksjonane er oppheva og fleire planlegg festleg lag.
KHiO har nå oppdatert regelverket som gjeld for å ha fest på campus.
Det løner seg å starte planlegginga i god tid, og spesielt om arrangementet omfattar mange deltakarar. Ved servering av alkohol er det eit eige sett av reglar.
Dei viktigaste hugsereglane er:
- Avtaledokument for festarrangement må leverast seinast to veker før planlagt arrangement
- Servering av alkohol skal vere førehandsgodkjent av direktør
- I samsvar med alkohollovas § 8-9 er det ikkje lov å til å drikke, selje eller servere alkohol utan at skjenkeløyve er innvilga av Oslo kommune.
- Det er krav om brannvakthald og brannvakter må på førehand ha fått sikkerheitsopplæring og innføring i brannverninstruksen
- Ved meir enn 100 deltakarar må det leigast inn vektar frå vaktselskap.
- Alle må vere ute av bygget før kl. 24.00.
- Arrangør pliktar å rydde og vaske festlokalet og tilstøyande område (som toalett, korridor og trapperom).
Følgjande retningslinjer ligg nå tilgjengeleg på intranett: