Your browser is not supported by khio.no. To view this site please upgrade or use another browser. If you can't use a modern browser, try disabling javascript, which will make khio.no simple, but mostly usable.

Supported browsers: Chrome 144, Firefox (Android) 147, Android WebView 144, Chrome 144, Chrome 143, Chrome 142, Chrome 141, Chrome 139, Chrome 126, Chrome 125, Chrome 112, Chrome 109, Edge 144, Edge 143, Edge 142, Firefox 147, Firefox 146, Firefox 145, Firefox 140, Safari/Chrome (iOS) 26.2, Safari/Chrome (iOS) 26.1, Safari/Chrome (iOS) 18.5-18.7, Opera Mobile 80, Opera 125, Opera 124, Safari (MacOS) 26.2, Safari (MacOS) 26.1, Samsung 29, Samsung 28

Javascript is disabled. khio.no should still be usable, but the user experience will be simpler.

Marthe Minde

Marthe Minde er stipendiat i kunstnarleg utviklingsarbeid innan tekstilkunst ved avdeling for Kunst og håndverk. Gjennom doktorgraden arbeider ho med tredimensjonal veving i ein manuell flatvevstol. Prosjektet byggjer på vevteknikkar Minde har utvikla tidlegare, og ho søkjer å finna nye teknikkar undervegs. Til vevmateriale nyttar ho handspunnen ull og plantar som ho sankar frå dalen der ho vaks opp. Saman med den skulpturelle vevinga arbeider ho også med tekst og ser nærare på korleis ord kan flettast saman med vovne verk.

Marthe Minde (f. 1984, Bergen) har ein mastergrad i Medium- og materialbasert kunst (KHiO) og ein bachelorgrad i Kles- og kostymedesign (KHiO). I seinare år har ho stilt ut verk ved Nasjonalmuseet i Oslo, under Hannah Ryggen Triennale i Trondheim og i Rundetårn i København. Minde er innkjøpt av Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim og Nasjonalmuseet i Oslo.

Research project: Mirage of Home

Research results