Presentation
Oslo Open 2019 – invitasjon til ope atelier
Stipendiat Signe Becker og fem studentar ved Kunstakademiet opnar sine atelier under Oslo Open, Noregs største kunstfestival.
Under Oslo Open 27.–28. april kan du besøke kunstnarane i Oslo på deira eigne arbeidsplassar. Sjå kunsten på nært hald før den hamnar i eit galleri eller på museum!
Frå KHiO deltek stipendiat Signe Becker (open laurdag Atelier CK2) og dei fem masterstudentane Espen Iden, Hedda Grevle Ottesen, Elise MacMillan, Melanie Kitti, Maja Bang Haugsgjerd (alle open søndag på KHiO). Det vil bli skilta frå inngangen i Fossveien 24.
Det er òg fem tidligare studentar med FKDS-atelierstipend frå KHiO, som held ope sine atelier på Kunstnernes Hus laurdag 27. april, med guida turar kl. 12.00, 14.00 og 16.00. Kunstnarane er Love Terins, Agatha Wara, Mor Efrony og Kristian Suvatne Augland.
Oslo Open har årleg rundt 9000 besøkande, er ope for alle og har gratis inngang.