Your browser is not supported by khio.no. To view this site please upgrade or use another browser. If you can't use a modern browser, try disabling javascript, which will make khio.no simple, but mostly usable.

Supported browsers: Chrome 151, Firefox (Android) 153, Android WebView 151, Chrome 151, Chrome 150, Chrome 149, Chrome 148, Chrome 145, Chrome 120, Chrome 109, Edge 151, Edge 150, Edge 149, Firefox 154, Firefox 153, Firefox 152, Firefox 140, Safari/Chrome (iOS) 26.6, Safari/Chrome (iOS) 26.5, Safari/Chrome (iOS) 18.5-18.7, Opera Mobile 80, Opera 131, Opera 127, Safari (MacOS) 26.6, Safari (MacOS) 26.5, Samsung 30, Samsung 29

Javascript is disabled. khio.no should still be usable, but the user experience will be simpler.

Performance

Stipendiat Janne-Camilla Lyster. Foto: Det Norske Teatret/Siren Høyland
Stipendiat Janne-Camilla Lyster. Foto: Det Norske Teatret/Siren Høyland

Janne-Camilla Lyster: Herostratos

Om framsyninga

(tekst frå Det Norske Teatret si heimeside)

Å gjere seg udøyeleg 

Kva får tilsynelatande heilt vanlege menneske til å gjere overskridande handlingar?

I år 365 før vår tidsrekning sette ein til da ukjend ung mann ved namn Herostratos fyr på Artemistempelet, eit av verdas sju underverk. Det blir sagt at motivasjonen var å bli kjent. Mannen måtte bøte med livet, og folk i landet bestemte seg for å aldri omtale mannen med namn. Men det ein skal teie om, er gjerne det alle vil tale om, og ironisk nok blei den unge pyromanen opphav til uttrykket herostratisk berømt; det å bli vidgjeten for å ha gjort ein udåd.

"Jeg skal reise et byggverk av greiner,
Ugjennomtrengelig En måne Et skjelett
Jeg skal sitte øverst med munnen stappet full av kronblader"

Frå tapar til sigerherre

Myten om Herostratos er utgangspunktet for Janne-Camilla Lysters poetiske koreografiske partitur. Her undersøker ho kva som ligg til grunn for at nokon kjenner seg ekskluderte frå fellesskapet, og så ønsker å heve seg over alle ved å hemne seg med ei ekstrem handling. Kjensla av utanforskap blir vendt om til ein slags siger. Det å vere på utsida gjer ein spesiell, gir ein styrke. Den herostratiske vil gjennom si forakt for verda vise kor overlegen ho er.

Kjenner vi oss igjen?

Regissør Øyvind Osmo Eriksen grunnar på om ikkje alle typar ekstremistar har trekk frå Herostratos. Det å kjempe for ei større sak kan vere eit vikarierande motiv. Ved ei grufull handling ønsker dei å skrive seg inn i historiebøkene. Herostratos leiter etter det gjenkjennelege i denne mytiske figuren og det han representerer. For er det ikkje noko alment i ønsket om å vere udøyeleg?

Billettar

Framsyninga speler i perioden frå 11. oktober til 23. november. Sjå detaljar og kjøp billett på detnorsketeatret.no

Intervju

Les kva Lyster fortel om framsyninga i Det Norske Teatretsitt repertoarmagasin. Tekst: Det Norske Teatret/Åsne Dahl Torp