Your browser is not supported by khio.no. To view this site please upgrade or use another browser. If you can't use a modern browser, try disabling javascript, which will make khio.no simple, but mostly usable.

Supported browsers: Chrome 151, Firefox (Android) 153, Android WebView 151, Chrome 151, Chrome 150, Chrome 149, Chrome 148, Chrome 145, Chrome 120, Chrome 109, Edge 151, Edge 150, Edge 149, Firefox 154, Firefox 153, Firefox 152, Firefox 140, Safari/Chrome (iOS) 26.6, Safari/Chrome (iOS) 26.5, Safari/Chrome (iOS) 18.5-18.7, Opera Mobile 80, Opera 131, Opera 127, Safari (MacOS) 26.6, Safari (MacOS) 26.5, Samsung 30, Samsung 29

Javascript is disabled. khio.no should still be usable, but the user experience will be simpler.

Performance

Avgang 2017: Sakrale skisser from outer space

Avgang 2017: Sakrale skisser from outer space

Med eit utgangspunkt i at det uforståelege og ufattbare i kunstverk tangerer visse gudeforståingar, har gruppa undersøkt korleis det sakrale kan få plass i ein scenisk samanheng. Eirik Fauske presenterer i denne framsyninga sitt masterprosjekt i regi.

På syttitalet sende NASA ut Pioneer-sondene, utstyrt med gull-anodiserte aluminiumsplakettar inngravert koder. I Kvekerringen møtes ein i for å nærme seg Gud. I horisonten ser vi dødsrikefjell og kilometerhøge fossefall.

Med eit utgangspunkt i at det uforståelege og ufattbare i kunstverk tangerer visse gudeforståingar, har gruppa undersøkt korleis det sakrale kan få plass i ein scenisk samanheng.

Prosjektet er delvis ei vidareføring av Fauske sitt første masterprosjekt, LIVE - Sorgarbeid, ei installasjonsframsyning utan skodespelarar som kombinerte live-skrive tekst med visuelle tablå. Frå LIVE - Sorgarbeid, blir deler av tekst- og underlagsmaterialet tatt vidare, og ført over i dette prosjektet som undersøker tru og det sakrale på tre ulike arenaer, både ute og inne.

Medverkande er regisstudent Eirik Fauske, skodespelarstudent Kjersti Aas Stenby, kostymestudent Fredrik Floen, dansar Pernille Holden, og musiker og komponist Magnus Børmark.

Framsyninga starter i resepsjonen.

Billettbestilling