midtveisevaluering
Midtvegsevaluering: Marthe Minde
Marthe Minde er stipendiat innan tekstilkunst ved avdeling kunst og handverk og inviterer til midtvegsevaluering av sitt prosjekt i kunstnarleg utviklingsarbeid Hildring av heime.
Minde arbeider med tredimensjonal veving i ein manuell flatvevstol. Prosjektet byggjer på vevteknikkar ho har utvikla tidlegare, og ho søkjer å finna nye teknikkar undervegs. Vevnadane hennar veks fram frå naturmateriale som er sanka og dyrka i dalen der ho vaks opp. Med utgangspunkt i barndomsheimen og kvardagslege objekt undersøkjer Minde minne, tilhøyrsle og tap. Saman med den skulpturelle vevinga arbeider ho også med tekst og ser nærare på korleis ord kan flettast saman med vovne verk.
Program
13.00–13.05 Velkomen
13.05–13.50 Presentasjon ved Marthe Minde
13.50–14.20 Pause
14.20–14.40 Spørsmål frå salen.
(Den offentlege delen vert avslutta kl. 14.40)
14.40–15.10 Pause
15.10–16.10 Lukka samtale mellom opponent Anne-Karin Furunes, kandidaten og rettleiarar
Arrangementet vil føregå på norsk.