Your browser is not supported by khio.no. To view this site please upgrade or use another browser. If you can't use a modern browser, try disabling javascript, which will make khio.no simple, but mostly usable.

Supported browsers: Chrome 130, Firefox (Android) 130, Android WebView 130, Chrome 130, Chrome 129, Chrome 128, Chrome 127, Chrome 109, Edge 130, Edge 129, Edge 128, Firefox 132, Firefox 131, Firefox 130, Firefox 91, Firefox 78, Safari/Chrome (iOS) 18.0, Safari/Chrome (iOS) 17.6-17.7, Safari/Chrome (iOS) 17.5, Safari/Chrome (iOS) 16.6-16.7, Safari/Chrome (iOS) 15.6-15.8, Opera Mobile 80, Opera 114, Opera 113, Safari (MacOS) 18.0, Safari (MacOS) 17.6, Samsung 26, Samsung 25

Javascript is disabled. khio.no should still be usable, but the user experience will be simpler.

Performance

Frå form til famling

Frå form til famling

Stipendiat Solveig Styve Holte presenterer sluttresultatet av sitt kunstnarlege utviklingsarbeid under Høstscena i Ålesund.

Frå Form til Famling er eit koreografisk arbeid som tek utgangspunkt i dei materielle spora i arkivet etter Høvik ballett, det første frie profesjonelle dansekompaniet i Norge i nyare tid. Kompaniet eksisterte frå 1969 til 1989, og hadde Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden som fast tilhaldsstad. Samanlikna med musikk, teater, visuell kunst og litteratur frå same periode er den tidlige dansekunsten lite dokumentert, men noko finst. Prosjektet har arbeidd med foto og filmmateriale frå den første perioden frå 1969 til 1975, og tittelen er ei reversering av NRK-programmet Fra famling til form fra 1969, den første filmdokumentasjonen av kompaniet.

Koreografien er utvikla i et nært samarbeid og gjennom ei fleirårig utforsking med dansekunstnarane Ilse Ghekiere, Terje Tjøme Mossige, Magdalene Solli og Per Roar. Musikken skriven og framført av Ane Marthe Sørlien Holen, Jan Martin Smørdal og Kristine Tjøgersen, kostyme og det visuelle ved Solveig Fagermo, lysdesign av Elisabeth Kjeldahl Nilsson, produsent Kristin Skiftun, koreografiassistent Loan Ha og lyddesign Nikolai Høgseth. I Ålesund er Elena Perales Andreu med som musiker for Kristine Tjøgersen. Kunstnarane møter spora av det originale materialet i vår samtid, og undrar seg over kva kropper og hendingar som fekk vere nærverande og fråverande i historieforteljinga om Høvik ballett. I dette resonansrommet veks det fram ein flerstemmig vev av nye forgreiningar.

Frå form til Famling skjedde som en tverrkunstnerisk performance over flere timar ute og inne på Henie Onstad Kunstsenter frå 2. til 5. november 2023 og verket vart nominert til Kritikarprisen i Dans i 2024. Arbeidet er del av sluttresultatet til Solveig Styve Holte sitt Phd arbeid ved avdeling Dans ved Kunsthøgskolen i Oslo «Choreographing an Archive of Relations: Singularities and the Shared Commons in Dance».

«Frå form til famling» vert i Ålesund framført i relasjon til utvalde verk av Sidsel Colbiørnsen frå utstillinga «Flukt Frihet»

Samarbeid mellom Høstscena og Juegnstilsenteret og KUBE.

Billetter bestilles på høstscena.no.

Koreografi av eit arkiv av relasjonar: Singularitetar og det felles delte i dans

Prosjektet utforskar koreografiske metodar og prosesser for bruk av arkiver i dans. Korleis kan koreografi eksistere som ein singularitet, som eit objekt som synleggjer historiske dansearkiv, observasjonsmodaliteter og arkiver av oppgåver og situasjonar? Kva om koreografi ikkje handlar om å finne opp nytt materiale, men om ein prosess av å komponere, arbeide med og synleggjere eksisterande materialar og relasjonar?

Forskinga har produsert nye koreografiske verk som er forstått som singularitetar gjennom bruk av eksisterande materiale, gripen av den handlekrafta materialet kan ha i forminga av verket. Ein kunstarleg skapingsprosess er alltid ein stad for referansar og påverkingar, og Holte ser det å sette namn på desse referansane som noko som verken forringer eller undergravar det kunstnarlege verket sin autonomi eller integritet. I staden kan det medverke å etablere eit breiare kunnskapsfelt innan dans og koreografi, og utfordre den historiske fetisjerte ideen om det originale geniale meisterverket, der man ikkje kan artikulere, diskutere eller spore det sine påverkingar.

Forskinga har utvikla seg langsetter to aksar. Den første aksen identifiserar Holde som den intersubjektiviteten som ligg i koreografiske prosesser. Meir presist undersøkjer ho korleis skape ein produktiv læringssituasjon i arbeidet der det som produserer veks fram mellom henne, som koreograf, og utøvaren/danseren/samarbeidspartneren, og korleis staden, konteksten og situasjonen fungerer som samskapande materialar i det kunstnariske arbeidet. Den andre aksen i forskinga, intertekstualitet, speglar interessa hennar for eksisterande materialar, funne dansehistoriske arkiv, funne former for komposisjonar og observasjonsmodalitetar, og å forstå og nærme seg desse som et felles delt i dans.