Exhibition
Shoot Speed // Kill Light
Bachelorstudentar på Kunstakademiet, Magnus Myrtveit og Bjørnar Sira, opnar utstilling i Resepsjonsgalleriet i dag klokka 18.
"Når eg gjekk på barneskulen sa læraren min at universet mest sannsynlegvis var uendeleg og at lyset var ei greie som eigentleg bevegde seg ganske sakte med tanke på kosmiske størrelsesforhold. Han sa at mange av stjernene eg såg på himmelen var veldig gamle og at når lyset frå jorda traff dei var dei allereie utbrende. Stjernene eg såg fantast ikkje lenger. Det var noko av det mørkaste og mest heavy eg nokon gong har blitt fortalt. "
"Shoot speed kill light har ein likheit med failed innovatørar som har prøvd å realisere ein eller anna framtidsvisjon, litt som Jodorowski
med Dune og La Tendenza-arkitektane i Italia på 1900-talet, at det blir berre med tankane og ideane og at det liksom aldri blir ferdig men visjonen står der som noko episk. Visjonen vert ein monolitt som andre ting kan innordne seg rundt. Kubrick, liksom. Vi er berre primatar som plukkar opp pinnar og sloss litt av og til men vi kan tenke abstrakt også.
So ja, vår haldning har vore veldig naiv, "vi skal lage masse greier - vi har masse idear", det handla liksom om den haldninga, eller... øh, den haldninga vi har til ein framtidsvisjon utan at vi skal realisere den nødvendigvis, og det er jo tvetydig, vi kan tenke på våre eigne private liv samstundes som vi tenkar på teknologien rundt oss som ikkje nødvendigvis har noko med våre liv å gjere... Skjønnar du kva eg meinar?
Eg greier liksom ikkje heilt formidle det direkte til ord, men det handlar vel om å ha eit ønske om å sjå det som ligg foran deg relativt klart samtidig som du skapar idear heilt primitivt, alle tenkar framover, liksom. heilt primitivt, liksom.
Det handlar eigentleg om å vere litt sånn failed, litt failed, error liksom. Narrativen ligg der ein plass og svevar over alt det der - klar til å beame alt opp."
Shoot Speed // Kill Light er eit kunstnerisk samarbeid mellom Magnus Andreas Holen Myrtveit og Bjørnar Sira.