Performance
Utiseta
Lisa Lie er regissør og skapar av framsyninga Utiseta på Det Norske Teatret.
"Regissør Lisa Lie jobbar med draumelogikk og andre typar verkelegheitsforståingar som utgangspunkt i framsyningane sine. Ho er inspirert av teoriar om teaterets opphav, av gamle ritual, mytologi og filosofi. Men også av populærkultur og absurd humor. Maja Nilsen sin scenografi bidrar til eit omfattande djupdykk gjennom myrer og himlar. Vi skal reise gjennom morkne verdstre, sokne landskap og mykje anna som dukkar opp når vi grev oss gjennom forteljingane. Uttrykket er raust, scenen renn over av fargar, mytar, referansar og ord, og det heile er like underhaldande som det er skremmande". - Det Norske Teatret -
Lisa Lie er stipendiat ved Teaterhøgskolen, Kunsthøgskolen i Oslo. Arbeidet med framsyninga Utiseta på Det Norske Teatret inngår som ein del av doktorgradsprosjektet hennar i kunsnarleg utviklingsarbeid.