Your browser is not supported by khio.no. To view this site please upgrade or use another browser. If you can't use a modern browser, try disabling javascript, which will make khio.no simple, but mostly usable.

Supported browsers: Chrome 144, Firefox (Android) 147, Android WebView 144, Chrome 144, Chrome 143, Chrome 142, Chrome 141, Chrome 139, Chrome 126, Chrome 125, Chrome 112, Chrome 109, Edge 144, Edge 143, Edge 142, Firefox 147, Firefox 146, Firefox 145, Firefox 140, Safari/Chrome (iOS) 26.2, Safari/Chrome (iOS) 26.1, Safari/Chrome (iOS) 18.5-18.7, Opera Mobile 80, Opera 125, Opera 124, Safari (MacOS) 26.2, Safari (MacOS) 26.1, Samsung 29, Samsung 28

Javascript is disabled. khio.no should still be usable, but the user experience will be simpler.

Talk

Sorg forvandla til dans

Sorg forvandla til dans

Koreograf og dansekunstnar Per Roar har undersøkt kva som skjer med sorg i forskjellige sosiale settingar: Korleis handsamer vi sorga når ein ven døyr i eit flykrasj, og korleis leve med arven etter krigen i Bosnia?
Per Roar disputerte i fjor med arbeidet Docudancing Griefscapes. Torsdag presenterer han oppgåva i KHiOs auditorium. Ope for alle!

Per Roar presenterer arbeidet med Docudancing Griefscapes- Choreographic strategies for embodying traumatic contexts in the trilogy Life & Death i samtale med den austerriske koreografen Michael Kliën, som også var opponent under disputasen i november i fjor. Oppgåva blei forsvart på University of the Arts i Helsinki.

«I hans kunstariske strategi for forsking, har Per Roar nærma seg desse sosiale og politiske kontekstane som ein etnograf. Han har tatt i bruk etnografiske reiskapar og feltarbeid som ein integrert del av undersøkinga. Han viser og diskuterer kva denne strategien inneber, også for koreografisk tenking og innstilling, og på den måten kan han sette spørsmålsteikn ved moglegheitene og middel til koreografi i møte med ein sosio-politisk røyndom, slik som sorg.» heiter det i presentasjonen frå University of the Arts i Helsinki.
Presentasjon og samtale vil vere på engelsk.

Doktorgradsarbeidet er publisert på Acta Scenica, Helsinki. For nettversjon, sjå her!

Samtale:

Koregograf Per Roar samtaler med koreograf Michael Kliën. Samtala vert leia av dekan ved Ballethøgskolen, Suzanne Bjørneboe.

Per Roar er bachelor i koreografi frå Kunsthøgskolen i Olso og master i Performance Studies frå New York University (the Tisch School of the Arts). Han er cand.mag frå UiO og Karl Marx Universitet (nå: Corvinius) i Budapest og Oxford University i Oxford, i historie og samfunnsvitskap.
Doktorgrad ved Teaterakdemiet ved University of the Arts i Helsinki med oppgåva Docudancing Griefscapes - Choreographic strategies for embodying traumatic contexts in the trilogy Life & Death, 6th November 2015. Opponentar: Michael Kliën (PhD and choreographer, Athens) og Åsa Unander-Scharin (PhD, choreographer and researcher, Luleå University of Technology).