Performance
Richard III av William Shakespeare
Shakespeares dramatiske og blodige fortelling om korleis kong Edward IV sin lillebror Richard banar seg veg mot trona med systematisk utrydding av alle motstandarar.
Framsyninga med 2. års studentar bachelor skodespelarfag er basert på Edvard Hoem si gjendikting.
Dette er ei sterkt forkorta og forenkla utgåve. Omarbeidinga er komen til fordi skolen ønsker å gi kvar enkelt student særskilde skodespelarmessige utfordringar.
Studentane møter denne gongen desse oppgåvene:
- Å ta del i og utvikle eit teaterunivers som fjernar seg frå realisme.
- Å framstille karakterar som ligg langt unna studenten sjølv.
- Å finna utviklinga i rolla frå start til slutt.
- Å forvandle dramatisk tekst i bunden form (blankvers) til organisk meiningsfylt tale.
- Å meistre nynorsk som scenespråk.
I denne perioden har studentane óg fått utfordringar med lyset i form av områdeavgrensa lyssetting, som krev at studentane er nøyaktige i si posisjonering på scenen.
Medverkande studentar: Ingrid Giæver, Hanna Maria Vea Grønneberg, Iver Innset, Jonas Jacobsen, Mats Moe, Sunniva Du Mond Nordal, Isabel Beth Toming og Andreas Tønnesland
Kostymedesign er ved Alva Brosten, avgangsstudent ved klesdesign og kostymedesign ved KHiO.
Regi, omarbeiding og tilrettelegging er ved professor i skodespelarfag Lars Erik Holter.
Foto: Stephen Hutton