Stefan Herheim. Foto: Karl Forster

Stefan Herheim blir professor II ved KHiO

Styret ved Kunsthøgskolen i Oslo har kalla Stefan Herheim til ei ny stilling som professor II i operaregi ved avdeling Operahøgskolen.

- Stefan Herheim er Noregs mest berømte og meritterte operaregissør, seier Tore Dingstad, dekan ved Operahøgskolen, i ein kommentar. - Hans eksepsjonelle internasjonale karriere seier mykje om evna hans til å vitalisere og fornye ei gamal kunstform og tilsetjinga av Herheim vil sikre eit kvalitetsløft og styrking av fagmiljøet ved Operahøgskolen.

- Krava som i dag vert stilt til operasongarar er høgare enn nokosinne. Eg ønskjer å bidra til at framtidas songarar står rusta til å imøtekomme desse krava, seier Stefan Herheim i ein kommentar. - Samtidig gjeld det å inspirere og utfordre Operahøgskolens studentar til å utvikle denne omfattande kunstforma vidare, sier Herheim.

Professor II-stillinga i operaregi er ei 20 % stilling i eit åremål på seks år. I stillinga skal ein bruke tradisjon og kunnskap, verksanalyse og handverksmessig perfeksjon til å utvikle ny kunnskap om operalitteraturens relevans for vår samtid og gje den vidare til ein ny generasjon operasongarar.

Stefan Herheim tiltrer som professor II i operaregi 30. april 2018 i kombinasjon med verksemda si som freelance operaregissør.

Stefan Herheim

Stefan Herheim er fødd i 1970 i Oslo.

I 1999 tok han diplomeksamen i musikkteaterregi etter femårig studium ved Hochschule für Musik und Theater i Hamburg. Sidan 2000 bur han i Berlin.

Herheim har ved fleire høve arbeidd med studentane på Operahøgskolen. Han har også undervist ved Humboldtuniversität zu Berlin, Hochschule für Musik ”Hans Eisler” Berlin, ved Hochschule für Musik und Theater Hamburg, Hochschule für Musik Karlsruhe, Università Ca’ Foscari di Venezia i tillegg til omfattende foredrags-, rådgivar- og juryverksemd.

Han er ein gjengangar på Den norske Opera & Ballet og Det Kongelige Teater i København og har arbeidd for renommerte operahus som m.a. Royal Opera House (Covent Garden) London, Opéra National de Paris, Deutsche Staatsoper og Komische Oper Berlin, Sächsische Staatsoper (Semperoper) Dresden, Staatsoper Hamburg, Deutsche Oper am Rhein Düsseldorf, Dutch National Opera & Ballett Amsterdam, Theatre de la Monnaie Brüssel, Gran Teatro del Liceu Barcelona, Opéra Lyon, Volksoper Wien, Oper Graz i tillegg til dei to viktigaste operafestivalane i Europa, Salzburg og Bayreuth.

Deutsche Oper Berlin har gitt han regiansvaret for Richard Wagners tetralogi ”Der Ring des Nibelungen” i 2020, den første nyoppsetjinga av verket på 35 år etter Götz Friedrichs legendariske Ring frå 1984.

I 2013 vart Stefan Herheim tildelt Anders Jahres kulturpris.

Frå sesongen 2022-23 overtar Herheim som operasjef ved Theater an der Wien.

CV – Stefan Herheim (pdf)

Operahøgskolen har sidan 1964 vore leiande innan operautdanning i Noreg og tilbyr årsstudium og masterstudium i opera. Eit nytt treårig bachelorstudium i opera er under utvikling og planlagt frå hausten 2019.

Pressekommentar

Tore Dingstad, dekan ved Operahøgskolen, tlf. +47 479 15 374, e-post: toreding@khio.no
Stefan Herheim, ny professor II i operaregi, tlf. +49 (0)1701865323, e-post: stefanherheim@web.de