Å studere på KHiO 2019: Operahøgskolen

Namn Henriette Stabell Johnson
Program Master i opera, avdeling Operahøgskolen
Alder 28

– Fortel om avgangsprosjektet dykkar

– Vi sette opp Hans og Grete i Operaen, med KORK og det heile, og eg gjorde rolla som mora, Gertrud. Det er eit stort parti som er tungt å synge, men eg hoppa i det og gav alt. Det var ei stor oppleving å gjere det med eit heilproft orkester og i ein moderne versjon.

– Kvifor søkte du KHiO?

– Eg tok først ein fireårig bachelor på Barratt Due Musikkinstitutt. Det er ei utdanning i utøvande klassisk song. Vi hadde noko opera der, men eg ville spesialisere meg. Eg kjente mange som studerte her, og så ville eg særleg gjerne ha Solveig Kringlebotn som songpedagog. Ho er fantastisk.

– Kva blir det viktigaste du tek med deg vidare?

– Ooooo, det er vanskeleg å svare på! Det er mykje, la meg tenke. Sjølvsagt tar eg med meg masse kunnskap om operafaget, men eg trur det aller viktigaste eg har lært her, er å ha eit ope sinn. Ein møter så mange ulike folk og samarbeidspartnarar, regissørar, kollegaer, og eg er glad eg har fått erfaring med og trening i å jobbe med så mange ulike typar. Eg er blitt dyktig på å tilpasse meg, til å vere sjølvstendig og til å ta ansvar for mi eiga utvikling. Sjølv om ein er student på skolen her og får undervising og rettleiing, må ein vere klar over at den einaste som kan gjere jobben, er ein sjølv. 

– Kva har medstudentane dine betydd for deg?

– Dei betyr alt. Vi er avhengige av kvarandre og av å kunne samarbeide. Eg og Tina (Tina Therese Tuven, også avgangsstudent) har følgt kvarande i sju år! Vi held saman i tjukt og tynt, det er eit vennskap eg set høgt, vi kjem til å vere venner for alltid. Vi er mange som er glad i kvarandre, men ho har vore særleg viktig, i oppturar og nedturar.

– Kva no?

– Ja, kva no. Eg skal vere hospitant på Operaen, og det blir ei fin erfaring, men eg må jo tene pengar òg. Det er litt komisk, for ein studerer i så mange år og jobbar så hardt, og likevel har ein som utøvande kunstnar ingen garantiar for livet etterpå. Men eg har bestemt meg for å prøve meg som frilans operasongar, i første omgang med ei lita, fast inntekt ved sida av. Eg har tenkt mykje på framtida det siste året, og uroa meg, men no er eg rolegare og tenker at eg har mange moglegheiter. Ein skal vere realist, men òg ha draumar. Måten eg lever og arbeider på, må fungere for meg, men òg for dei eg har rundt meg, for sambuaren min, og moglegvis, i framtida, for barna mine òg?