Å studere på KHiO 2019: Dans

Namn Thomas Talawa Prestø
Program Master koreografi, avdeling Dans
Alder 35

Med eitt bein på Trinidad og eitt i Nittedal, oldebarn av illustratøren Borghild Rud, som teikna Teskjekjerringa og var ei av dei første som gjekk ut av Kunstakademiet, står han støtt båe i norsk og afrikansk kultur. Han har i ei årrekke jobba for å gje plass til den svarte, dansande kroppen i Skandinavia.

– Kvifor søkte du master koreografi?

– Det blei annonsert at master i koreografi skulle vere uavhengig av sjangrar. I Noreg har vi framleis få sjangrar innan dansekunsten, og for dei av oss som arbeider med andre uttrykk, eller som hentar kompetanse og inspirasjon frå andre uttrykk, er det mange utestengande prosessar. Det å ta ein mastergrad ved ein institusjon som KHiO blei mitt forsøk på å opne opp og bidra til at også institusjonen skulle få meir kompetanse på mangfald, meir mangfaldskapital, som ikkje berre handlar om folk med ulik hudfarge. Det går jo begge vegar mellom student og institusjon, ein gjev og tar. Eg ville vere med og opne for framtidige generasjonar, slik at dei får høve til å formalisere kompetansen sin. Eg meiner institusjonen har ansvar for å fange opp den endringa som har skjedd på feltet, og finne måtar der fleire typar dansarar får utvikle seg i staden for å bli stengde ute.

– Eg starta Tabanka Dance Ensemble av same årsak, for eg så at melaninrikt talent systematisk blei utestengt. Eg ville bygge ei plattform der nett desse kunstnarlege stemmene, og kroppane, fekk ytre seg. For korleis skal ein ha sterk nok klassisk ballett i botn, om ingen tok deg med på ballettskole som liten? Heldigvis har jazzlinja no også sett andre kvalitetar, breakarar og hip hop-arar, som er ekstremt gode i dei sjangrane dei representerer, har kome inn. Dei må kanskje jobbe hardare enn alle andre, dei må tøyast, dei må jobbe ekstra hardt med balletten, men dei har òg andre kvalitetar som vi treng inn i institusjonen. Og det er interessant å sjå at dei er attraktive når dei kjem ut. Så eg ønsker å vere streng mot kunstfeltet, for om ein ikkje startar ung nok, har ein ikkje ein sjanse. Og det er så mykje vi kan gjere NO for framtidige generasjonar, som vi både har midlar og kompetanse til.

– Og no har det vore avgang! Fortel om prosjektet ditt

– DE MAN DEM viser kompleksiteten i å skape seg ein eigendefinert indentitet som karibisk mann i Noreg. Prosjektet handlar om presset og forventinga knytt til å vere svart gut i Noreg, korleis dei ofte berre blir definerte som «dei andre», og at også (den svarte) mannskroppen blir seksualisert. Tittelen er ein leik med ord og kan lesast på fleire måtar: «Demand them», pronomena de, man og dem (på bokmål) – alle tre skapar avstand, og det jamaikanske uttrykket for «ekte mannfolk». Eg valde dansesjangrar som ikkje er på pensum, for å vise at dei har kunstnarleg verdi og engasjerer publikum. Det er virtuost, det er teknisk, det er nydeleg. Eg laga framsyninga for eit ungt publikum, til dømes til bruk i Den kulturelle skolesekken. Vi synleggjer melaninrike rollemodellar. Det trengst, og det finst få.

– Kva blir det viktigaste du tek med deg frå KHiO?

– Eg hadde med meg ein spesifikk kompetanse då eg starta her, og meiner å ha bringa inn nye sjangrar. Så har KHiO ein anerkjennande kapital som eg nyt godt av. Eg har fått tilgang til og innpass i eit lukka felt, og eg har fått eit stort og viktig kontaktnettverk her. Og så har eg hatt gode rettleiarar.

– Kva har medstudentane dine betydd for deg?

– Dei har vore viktige. MA dans og MA koreografi saman er ein veldig allsidig gjeng! Ein politisk gjeng. Det er ikkje ein lett gjeng, he-he, men ein spennande og god gjeng. Eg har vore heldig. Det er sterke feministiske krefter her, sterke antirasistiske krefter, skeiv kompetanse, internasjonal kompetanse, vi har kunna ha viktige diskusjonar om dekolonialisering, om metoo, om det meste, eigentleg. Det har vore ein gjeng som har utfordra. Stakkars lærarar! Men eg håpar vi har gjort noko bra, også for dei som kjem etter oss.

– Kva no?

– Eg har fått jobben som formidlingskonsulent på Dansens Hus! Blant oppgåvene mine blir publikumsutvikling, både finne nytt publikum og ta vare på kjernepublikummet, med aktivitetar som opnar opp kunsten for publikum, men også kompetansehevande og inspirerande tiltak retta mot det profesjonelle feltet. 

– Eg held fram med å vere kunstnarleg leiar for kompaniet mitt, Tabanka, ved sida av. Vi har òg hatt to hovudsceneproduksjonar medan eg har vore masterstudent på KHiO, på Operaen og Dansens Hus. Eg fekk nett vete at vi får støtte til neste framsyning som skal handle om «ikkje appropriert» jazz. Eg får, som vanleg, nok å gjere. 

– Båe stader, på Dansens Hus og i kompaniet, vil eg ha eit fokus på historieformidling. Det er enklare å formidle noko til eit heterogent publikum, men korleis snakke til mange veldig ulike publikummarar samtidig? Det synest eg er interessant. Ein del av kjernepublikummet på Dansens Hus er til dømes utdanna dansarar, men eg er like opptatt av å nå den jamne publikummar. Det er ein elitisme i feltet. Kunst på Oslo aust er ikkje nødvendigvis det same som på Oslo vest. Eg er opptatt av å lage kunst for båe. Når Tabanka dansar i Operaen, då er kjernepublikummet vårt på bortebane, og det er ein studie i korleis ulike segment av befolkninga møtest – veldig spennande!