Å studere på KHiO: Design

Namn: Julie Aida Graf
Alder: 25
Studie: Master grafisk design og illustrasjon

Kvifor valde du KHiO?


På vidaregåande hadde eg ein lærar i Medier- og kommunikasjon på Drømtorp vgs i Ski, Hege Krogvig Bergstrand, som sjølv hadde gått på KHiO då den heite Statens håndverk og kunstindustriskole. Ho meinte eg ville passe på Kunsthøgskolen og at den ville hjelpe meg å finne ut av kva eg skal drive med. Ho hadde lagt merke til at eg koste meg veldig med design- og teikning. Eg valde først å ta eit fri-år og jobba i butikk i Oslo, men kjende på at eg ikkje fekk vere kreativ, så eg tok kontakt med læraren min då det nærma seg opptak neste år igjen. Så kom eg på 2. plass på venteliste – og synes at det var utrulig bra, det er ikkje mange som kjem inn. Så trakk personen på 1. plass seg – og eg kom inn! Eg har tenkt at eg må finne ut kven det var, for det er takka vere denne personen eg fekk høve til å ta ein bachelorgrad i grafisk design og illustrasjon.

Kva forventningar hadde du då du starta?


Eg hadde høyrt mykje fint om skulen, og at det var vanskeleg å komme inn. Eg var usikker på kor eg var innanfor den kreative verda. Då eg var på opptaksintervju, så var det heilt ok å sei at eg ikkje visste kva eg ville, men at eg visste at dette var min stad. Det var ei stor lette å vite at eg skulle gå her i tre år og finne ut kven eg var kreativt. Eg ville mate nysgjerrigheita mi og då eg kom i gang treivst eg allereie dei første dagane, eg kjende meg heime. Dei tre åra vart til fem når eg no går ut frå master.

Kva er det mest positive med KhiO?


Verkstadane, og å kunne lære fleire ting utover det faget du tar. Her er det lov å teste ut alt mulig. Vi har noko som heiter korridorveker, der vi får anledning til å prøve andre fag enn det vi har som fordjuping. Eg trur det er unikt for KHiO at korridorvekene finnes. Og du kan få opplæring i dei fleste verkstadane på Kunsthøgskolen. Eg har vore innom over nesten alle tjue verkstadane her på skulen trur eg. Slik var bachelortida mi, eg testa ut mest muleg. Er du nysgjerrig er det heilt klart ein fordel å gå her.
I tillegg er professorane mine gode på å finne gjestelærarar, og vi har mange gode kurs. Eg bestemte meg tidlig i bachelorstudiumet for å legge ut litt av arbeidet mitt frå kurset på sosiale medier. Då fekk eg støtte frå vener som ikkje var klar over at eg var interessert i å teikne. På den måten spredte det seg og eg fekk etterkvart fleire oppdrag, det starta med redaksjonelle illustrasjonar og eg har etter kvart gjort veldig mykje forskjellig.

Kven på KHiO har vore viktigast for deg i løpet av studietida?


Miljøet – klassen, professorane. Vi er så få, på bachelor er det 12 studentar, så vi blir kjent med alle i starten. På master er vi halvparten. Vi har ikkje konkurransar, vi støttar kvarandre og lar oss inspirere – slik beheld me ei god atmosfære. Kjem det ein tung dag, så har vi alle fall kvarandre. Professorane støttar oss i eksamensperioden og roer oss ned, og kjem innom også når vi har andre lærarar. Vi studentar kjenner kvarandre så godt, vi kan skape eit framtidig arbeidsliv saman.

Korleis vil du beskrive livet på KHiO for ein som vurderer å søke?

Positivt utfordrande, nysgjerrigheitspirrande. Kjem du på venteliste, bør du vere veldig stolt av deg sjølv – og prøv igjen. Det betyr at nokon har sett potensiale i deg. Søk fordi du er nysgjerrig, og vil utvide ditt kreative spekter. Her er alltid noko som skjer. I starten var eg heilt overvelda – husker eg såg ein skulptur av sinnataggen i sjokolade like utanfor kantina her vi sit no. Eg vart veldig begeistra og husker eg diskuterte saman med ein medstudent kva som kunne vere metaforen. No tenker eg at det er kult, kreativt, eg er like imponert, men det har vorte meir kvardagslig. Det er rett og slett veldig inspirerande å vere her. Eg kjem nok til å vere mykje her i framtida fordi eg er glad i skulen og kjem til å bruke verkstadane framover.

Kva er draumen framover?


Eg har ingen klar visjon, men eg kjem til å reise for å bygge eit større nettverk og for å bli inspirert av nye miljø. Eg er veldig glad i å bli kjent med folk og det trur eg er viktig for å få jobb. Og så er eg glad i å drive med utsmykning på andre material enn papir. For øyeblikket jobbar eg med merchandise for ein internasjonal artist. Ikkje på grunn av pengar, men fordi det er noko eg ikkje har gjort før. Masterprosjektet mitt dreier seg nettopp om å gjere ting eg ikkje har gjort før, innanfor dekor. Eg prøver å finne ut kvifor dekorasjon må vere så pent ved å bringe inn det uperfekte, som er litt tabu. Det er eigentlig ein hyllest til dekorasjon. Det vil eg takke lærarane mine for at dei har vore så tydelig på å sei; Ver deg sjølv og tør å fortelje. Og det har eg turt, for her er ingen karakterar, i staden har det vore veldig gjevande å presentere eit prosjekt for klasse og professor og så diskutere det saman. Jobbane berre dukker opp og det er eg takksam for.

Kva må du alltid ha med deg?


Alltid ein tjukk svart tusj og ei lita A5-skisseblokk. Eg må ha med lette reiskap, brått er eg i gang, enten eg sit på bussen eller høyrer på andre, så teiknar eg – og eg kastar aldri skissene mine – brått kjem dei til nytte. Eg vart nyleg spurt om eg kunne bidra til ein støtteauksjon for Syria, eg hadde det veldig travelt, men ville gjerne vere med, så eg viste ei skisse frå blokka mi og den ville dei ha. Så eg trykte og printa det her på skulen og trykket vart solgt for nær to tusen kroner på auksjonen. Det er gjevande å jobbe for hand, å vere analog.