Fra "Kva du vil" - Ine Marie Wilmann. 2010. Foto: Stephen Hutton

Teaterhøgskolen

Teaterhøgskolen har sidan etableringa i 1953 vore den leiande institusjonen for utdanning av scenekunstnarar. Teaterhøgskolen tilbyr bachelorstudium for skodespelarar og regissørar, og eit masterstudium i teater med fordjuping i skodespelarfag, regi, scenetekst eller scenografi. Avdelinga tilbyr òg praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i teater.

Teaterhøgskolen arbeider både tradisjonelt og eksperimentelt. Utgangspunktet er å utdanne kompetente scenekunstnarar til teatermiljøet. Visjonen er å utdanne studentar som sameinar den tradisjonelle handverksorienteringa som har stått sterkt ved mange av institusjonane, med det meir eksperimentelle og skapande arbeidet som har prega det frie feltet.

Teaterhøgskolen tilbyr ikkje berre ei profesjonsretta utdanning, men ei fullverdig kunstutdanning. Vi ønskjer å utvikle det kunstnariske samvitet til studentane, og gi miljøet ikkje berre det det har bedd om, men kanskje også noko det ikkje visste at det trong.

Bachelor i skodespelarfag

Fra "Macbeth" - Jonas Strand Gravli. 2014. Foto: Stephen Hutton

Studentane ved det treårige bachelorstudiet i skodespelarfag skal utdannast til sjølvstendige, skapande kunstnarar på høgt nivå, som gjennom erfaring med ulike metodar skal utvikle det personlege uttrykket sitt. Utdanninga gir studentane solide føresetnader for å gjere profesjonelt skodespelararbeid i sceniske produksjonar, så vel som på film, tv og radio. Teater er ein kollektiv kunstart, og studenten skal også lære å arbeide med eit ensemble og å samarbeide med andre kunstnarlege og scenetekniske yrkesgrupper.

Utdanninga tek utgangspunkt i teoriane og arbeida til den russiske teaterpedagogen Stanislavskji. Hovudfaget er skodespelarfag. I første studieår begynner faget med innføring i grunnleggjande skodespelarteknikk. Studiet har ein jamn progresjon fram mot framsyningar med tilnærma profesjonelt nivå i tredje studieår. Studentane arbeider også med sjølvstendige sceniske prosjekt som skal føre til visingar.

Skodespelarfaget utgjer omtrent halvparten av studiet. Den andre halvparten består av ulike støttefag som bevegelse og improvisasjon, dans, tale og stemmebruk, song og musikk, tekst og dikt og dessutan kunstfagleg teori og metode. Det er også filmkurs og eige kurs i radioteater i samarbeid med NRK.

Nokre av teknikkane i skodespelaren sitt møte med tekst, er tema for ei ny bok redigert av professor Lars Erik Holter, og medforfatta av fleire av lærarane ved avdelinga. Boka er tilgjengeleg i fulltekst, og nyttast som ein del av undervisinga.

Bachelor i regi

Fra "Faderen eller en pyrrhosseier ..." 2BAregi Angelina Stojcevska.  Hadle Reisæter og Kathrine Thorborg Johansen.2012. Foto: Stephen Hutton

Studentane ved det treårige bachelorstudiet i regi skal utdannast til sjølvstendige, skapande kunstnarar på høgt nivå, og gjennom opplæring i ulike metodar utvikle det personlege uttrykket sitt. Teater er ein kollektiv kunstart, og studenten skal også lære å arbeide med eit ensemble og å samarbeide med andre kunstnarlege og scenetekniske yrkesgrupper. Utdanninga tek utgangspunkt i teoriane og arbeida til den russiske teaterpedagogen, regissøren og skodespelaren Stanislavskij. Studentane skal også bli kjende med andre innfallsvinklar og metodar for regifaget.

I undervisninga jobbar studentane med kvarandre både som skodespelarar og regissørar. Dei arbeider også med andre studentar ved Kunsthøgskolen, og dessutan andre fagmiljø og aktørar – både gjennom regiøvingar og eigne oppsetjingar av aukande omfang og vanskegrad.

I tillegg til hovudfaget regi blir det undervist i skodespelartekniske fag, teaterteori og kunstteori, dramaturgi, dramatikk-kunnskap og produksjon, og dessutan teatertekniske fag.

Master i teater

Under isen av Falk Richter ble vist februar 2016, og var et samarbeid mellom registudent Eirik Fauske, skuespillstudentene Tarjei Westby, Sarah Macdonald Berge og Arturo Tovar, scenetekststudent Hanne Ramsdal, scenografistudent Signe Gerda Landfald, og masterstudent i kostymedesign Matilda Söderling. Veiledere var Carle Lange og Kathrine Tolo, og prosjektleder Petter Width Kristiansen. Foto: Sullivan Lloyd Nordrum

Masterstudiet i teater er eit toårig fulltidsstudium. Målet med studiet er å utvikle scenekunstnarar som kan bidra til fagleg nytenking, bringe inn nye perspektiv og skape særeigne kunstnariske uttrykk innanfor ein vid definisjon av kva scenekunst er og kan vere.

Studiet er retta inn mot kunstnarisk praksis, og ein vesentleg del av studiet består av kollektive, skapande prosessar der ulike faglege fordjupingar møtest.

Studiet rommar eit unikt høve for fagleg utvikling og bevisstgjering, og krev samtidig vilje til sjølvstendig arbeid og refleksjon.

På masterstudiet får studentane høve til å reflektere over og vidareutvikle kunstnarskapet sitt, fordjupe seg i kunstnarisk utforsking, delta i nye samarbeidsformer og presentere arbeida sine innanfor profesjonelle rammer på ein av Europa sine fremste kunsthøgskular. Det kunstnariske arbeidet skjer både individuelt og i samarbeid med ei samansett student- og lærargruppe.

Studentane på masterstudiet møter variert undervisning og eit breitt spekter av kunstnariske verkstadprosessar. Sentralt står produksjonsarbeid som leier fram mot ulike former for visningar og framsyningar, og under tett oppfølging frå lærarar og rettleiarar på høgt norsk og internasjonalt nivå. Studiet blir avslutta med eit kunstnarisk masterprosjekt der det også inngår ein refleksjonsdel.

Masterstudiet er ikkje lenger organisert etter ei fastlagd inndeling av faglege fordjupingsområde. Dette betyr at det er opp til studentane sjølv å definere sitt fordjupingsfokus ut frå eiga erfaring, kunnskapar og kunstnariske målsetjingar.

Studiet kvalifiserer også til å søkje om opptak til doktorgradsprogram for kunstnarisk utviklingsarbeid (ph.d.) og andre relevante stipendiatprogram. Både enkeltpersonar og grupper er velkomne til å søkje.

Praktisk-pedagogisk utdanning

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i teater er ei lærarutdanning for skodespelarar og regissørar som ønskjer å jobbe som faglærarar og teaterpedagogar.

Studiet kvalifiserer for undervisning i grunnskole, vidaregåande skole, vaksenopplæring, folkehøgskolar, og dessutan kulturskole og private teaterskolar.

Les om noverande PPU-student, Henriette Blakstad, og røynslene hennar med studiet.

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er eit eittårig studium på 60 studiepoeng, og består av pedagogikk, fagdidaktikk og praksis. I studiet inngår 12–14 vekers integrert rettleidd praksisopplæring.

Pedagogikk er læra om oppseding, undervisning, læring og utvikling og skal bidra til å gi auka kunnskap og refleksjon i lærarrolla inn mot praksis. Innhald:

  • psykologi; utviklingspsykologi, relasjonar, kommunikasjon, læring og motivasjon
  • filosofi; ulike grunngivingar og fokus for oppseding og undervisning, etikk og verdimedvit
  • sosiologi; samfunn, kultur, gruppeprosess og samspel
  • didaktikk/undervisningslære; «kva, korleis og kvifor» i undervisninga, læreplanar og vurderingsarbeid

Fagdidaktikk handlar om ulike faglege tilnærmingar og perspektiv på undervisning retta mot ulike målgrupper og læringsarenaer. Det å få erfaring med, tilbakemelding på og gode eksempel på planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning står sentralt, og studentane møter eit breitt utval av lærarkrefter. Emnet er delt inn i følgjande område:

  • leik, kreativitet og skapande arbeid med barn
  • samspel, improvisasjon og komposisjon
  • teaterteknisk grunnlagsarbeid (rolle- og karakterutvikling)
  • teaterdidaktisk fordjuping: konsept og regi

I praksisopplæringa får studentane erfaring med ulike sider ved læraryrket. I samarbeid med praksisrettleiar får studentane trening i å planleggje, organisere, gjennomføre og vurdere opplæring i samsvar med pedagogiske og didaktiske prinsipp. Praksisopplæringa blir gjennomført med elevar i ulike aldersgrupper og er primært/normalt retta mot kulturskole/ private teaterskolar og vidaregåande skole.

Praktisk-pedagogisk utdanning i både teater og dans er administrert av avdeling Dans.

Opptak

Bachelor i skodespelarfag

For å bli teken opp til studiet blir det kravd generell studiekompetanse og beståtte opptaksprøvar. Unntak frå krav om generell studiekompetanse gjeld for søkjarar som kan vise til spesielle faglege kvalifikasjonar.

Opptaket skjer gjennom juryering ved opptaksprøvar. Årleg blir det oppnemnt nye opptakskomitear som skal bestå av både interne og eksterne medlemmer. Vi ønskjer kandidatar som viser fantasi, uttrykksbehov, motivasjon og scenisk utstråling.

Kandidatane skal beherske norsk/skandinavisk språk.

Søknadsfrist: 17. desember 2018 (kl. 23:59)

Les gjennom søknadsprosedyren, og last ned søknadsvedlegg - søknadsvedlegg bokmål / søknadsvedlegg nynorsk
NB! Vedlegget må lagres lokalt på din datamaskin og så fylles ut ved hjelp av siste versjon av Adobe Reader.

Opptaksprosess og viktige datoar
Tidslinje for opptak til haust 2019:
17. oktober - 17. desember 2018 Søknadsperiode Du kan endre søknaden din og laste opp nye dokument heilt fram til søknadsfristen 17. desember (kl. 23:59). Logg inn i Søknadsweb og vel "Mine dokument" i menyen for å laste opp nye dokument.
Januar 2019 Gjennomgang av søknader Søkjarar som har levert komplett søknad får innkalling til 1. opptaksprøve. Har du mindre manglar ved søknaden din, vil du få eit e-postvarsel med ein frist. Søknader utan søknadsvedlegg blir ikkje vurderte.
Ca. 18. januar Innkalling til 1. opptaksprøve Du får tilsendt innkalling til 1. prøve ca. 18. januar. Innkallinga blir sendt til e-postadressen du registrerte i Søknadsweb. Saman med innkallinga vil du få eit skjema der du skal grunngje val av monolog.
4. - 15. februar 1. opptaksprøve i Oslo Du vil få innkalling til éin av dagane i opptaksprøveperioden. Du får ikkje vite eksakt tidspunkt for opptaksprøven din, men du vil vere ferdig innan 5 timar etter oppmøtetidspunktet.
9. februar 1. opptaksprøve i Tromsø Søkjarar som har registrert at dei vil ta 1. prøve i Tromsø vil få innkalling frå Hålogaland teater i månadsskiftet januar/februar.
7. - 12. april 2. opptaksprøve Du får innkalling til éin av dagane i opptaksprøveperioden, og må setje av 5 timar frå oppmøtetidspunktet.
11. - 22. juni 3. opptaksprøve Kandidatar som går vidare til 3. prøve må vere i Oslo i heile opptaksprøveperioden.
1. juli Frist for ettersending Frist for ettersending av dokumentasjon på utdanning som er fullført våren 2019. Gjeld for kandidatar som får tilbod om studieplass eller ventelisteplass etter 3. prøve.
Om opptaksprøvene
Kort om opptaksprøvene (du får nærmare informasjon i innkallinga til kvar prøve):
1. opptaksprøve I 1. prøve skal du framføre ein sjølvvald monolog. Framføringa kan ikkje vare lenger enn fire minutt. Sjå kriterier for val av monolog under.
Inntil 120 kandidatar går vidare til 2. prøve.
2. opptaksprøve I 2. prøve skal du framføre ein sjølvvald monolog på maks fem minutt. Du må velje ein annan monolog enn den du viste i 1. prøve. I tillegg gjeld kriteria som er nemnde under. Etter at du har vist monologen kan komiteen bestemme seg for å gi deg ulike sceniske oppgåver.
Inntil 30 kandidatar går vidare til 3. prøve
3. opptaksprøve 3. prøve går over to veker og består av fleire prøvar/aktivitetar, både individuelt og i grupper (rolleprøve, -instruksjon, rørsle, stemme, song med meir). Du blir bedd om å velje to roller frå eit utval med utdrag som du får tilsendt i framkant av opptaksprøven. I tillegg blir kandidatane tildelte gruppeoppgåver som skal løysast undervegs i opptaksprøveperioden. I 3. prøve er det også samtale/intervju.
Inntil 10 kandidatar får tilbod om studieplass.
Etter 1. og 2. prøve blir det lagt ut ei liste på www.khio.no med søkjarnummeret til dei som går vidare til neste prøve. I Søknadsweb vil søknaden ha status "under behandling" fram til 3. prøve er avslutta.
Monologar til 1. og 2. prøve:

Du skal velje éin monolog til 1. prøve og éin monolog til 2. prøve. Det må vere to ulike monologar. I 1. prøve skal monologen vere inntil 4 minutt lang og i 2. prøve inntil 5 minutt. Det er viktig at du vel monologar som er korte nok, slik at du ikkje får dårleg tid på opptaksprøven.

Monologane du vel kan vere utdrag frå skodespel eller anna materiale som eignar seg for scenisk framføring. Framføringa skal vere på norsk eller eit anna skandinavisk språk (ikkje engelsk). Det blir forventa at du framfører teksten utanåt.

Rekvisittar: Seng, sofa, dør, lenestol, pinnestol, barkrakk, liten krakk, kjøkkenbord og stovebord vil vere tilgjengeleg i rommet under 1. og 2. prøve. Eventuelle andre rekvisittar må du ta med sjølv. Unngå kostymering.

I innkallinga til 1. og 2. prøve vil du få eit skjema der du må fylle inn kva monolog du har valt og kvifor. Dette skal du levere til komiteen på opptaksprøvedagen saman med ei utskrift av monologen.

Bachelor i regi

Opptak skjer på grunnlag av opptaksprøvar og generell studiekompetanse. Søkjarane blir rangerte etter resultata frå opptaksprøvane. Unntak frå krav om generell studiekompetanse gjeld for søkjarar som gjennom opptaksprøven kan dokumentere spesielle faglege kvalifikasjonar.

Opptaka skjer gjennom juryering ved opptaksprøvar. Det blir gjennomført ei heilskapleg vurdering av kvar enkelt søkjar med særleg vekt på kunstnarleg eigenart og kor personleg eigna dei er.

Kandidatane må kunne både norsk og engelsk.

Det er ikkje opptak til bachelor i regi i 2019.

Master i teater

Mastergradsstudiet byggjer på ein treårig bachelorgrad (180 studiepoeng) eller ei likeverdig utdanning. Søkjar må dokumentere fordjuping i fag, emne eller emnegruppe av minimum 80 studiepoengs omfang innanfor teater eller scenekunst.

I spesielle tilfelle kan andre dokumenterte kvalifikasjonar godkjennast som heilt eller delvis likeverdige med utdanningsløpa som er nemnde ovanfor.

Alle søkjarar må meistre og kunne dokumentere gode kunnskapar i eit av dei skandinaviske språka og engelsk.

I samband med søknad må søkjar sende inn eit motivasjonsbrev. Dette skal fyllast inn i søknadsvedlegget. Søkjarar som går vidare til praktisk opptaksprøve, må også levere ei prosjektskisse til eige masterprosjekt innanfor teater eller scenekunst.

Søknadsfrist: 1. februar 2019 (kl 23:59)

Les gjennom søknadsprosedyren, og last ned søknadsvedlegg på bokmål eller søknadsvedlegg på nynorsk.
NB! Vedlegget må lagres lokalt på din datamaskin og så fylles ut ved hjelp av siste versjon av Adobe Reader.

Praktisk-pedagogisk utdanning i teater

Opptak skjer på grunnlag av en totalvurdering basert på godkjente opptakskrav. I tillegg rangeres søkerne basert på den enkelte students faglige kompetanse vist ved opptaksprøve, egnethet og av studiegruppens sammensetning. Søkeren må dokumentere kommunikative ferdigheter i norsk (eller annet nordisk språk).

Krav til opptak for PPU i teater er:

En bachelorgrad i utøvende eller skapende teaterfag med minimum 180 studiepoeng teaterfag.

Godkjenning av utdanning:

Dersom du ikke har en formell bachelorgrad i teater, er det mulig på forhånd å søke om godkjenning av realkompetanse og / eller annen utdanning.

Søknadsfrist for godkjenning av utdanning: 1. mars 2019

Vær oppmerksom på at en eventuell godkjenning må foreligge før du søker opptak til studiet, som har søknadsfrist 1. april 2019 (kl. 23:59).

Søknaden skal inneholde:

Brev med informasjon om:

  1. Hvilke av våre utdanninger du ønsker å bli vurdert i forhold til. Vi kan kun vurdere opp mot utdanninger vi selv tilbyr. Vi vurderer om kompetansen er likeverdig, ikke nødvendigvis lik. Har du en bakgrunn som ikke tilsvarer et av våre program, må du søke godkjenning ved annen relevant utdanningsinstitusjon.
  2. Utdanningsbakgrunn/ eventuelt bakgrunn for realkompetansevurdering.
  3. Hva en eventuell vurdering skal brukes til (videre studier/lønnsplassering etc.).

For vurdering av utdanning:

  1. Kopi av vitnemål på originalspråket og oversatt til norsk eller engelsk.
  2. Kopi av karakterutskrift på originalspråket og oversatt til norsk eller engelsk.
  3. Kopi av studieplan.
  4. Utfyllende CV med informasjon om relevant utdanning og arbeidserfaring med nøyaktige datoer til/fra.

For vurdering av realkompetanse:

  1. Fyldig portfolio med dokumentasjon av kunstfaglige prosjekter.
  2. Dokumentasjon av publikasjoner og omtale i presse/av kunstkritikere osv.
  3. Dokumentasjon av eventuell utdanning med vitnemål, karakterutskrift og kopi av studieplan. For nærmere detaljer se beskrivelsen over.

Søknad sendes til postmottak@khio.no, Søknaden merkes med Søknad om kompetansevurdering, opptak PPU.

Søknadsfrist: 1. april 2019 (kl. 23:59) Les gjennom søknadsprosedyren, og last ned søknadsvedlegg. Søknadsvedlegget for 2019 blir lagt ut to måneder før fristen.

NB! Vedlegget må lagres lokalt på din datamaskin og så fylles ut ved hjelp av siste versjon av Adobe Reader.

Felles søknadsprosedyre for alle studiene

  1. Last ned søknadsvedlegget (bla til du finner ditt fagområde). Les all informasjonen grundig og fyll ut vedlegget i Adobe Reader.
  2. Registrer personopplysninger og studieønskeSøknadsweb. Når du registrerer deg må du lage din egen personlige pin-kode som du bruker hver gang du logger deg på. Når du har registrert deg på Søknadsweb og valgt studium, vil du motta en kvittering med ditt søkernummer på e-post.
  3. Last opp søknadsvedlegget til Søknadsweb. Last deretter opp de andre dokumentene som står beskrevet i vedlegget. Følg veiledningen nøye. Du ikke får kvittering for hvert opplastet dokument, men du kan til enhver tid til sjekke hvilke dokumenter du har lastet opp ved å klikke på mine dokumenter inne i Søknadsweb.

Det vil være mulig å laste ned søknadsvedlegg og å registrere seg på Søknadsweb ca to måneder før søknadsfristen.

Spørsmål om opptak sendes til postmottak@khio.no. Skriv navnet på studiet i emnefeltet.

Utveksling

Dersom du er interessert i å vere utvekslingsstudent ved Kunsthøgskolen i Oslo, gå til sida Student Exchange.

Dersom du vil vite om moglegheitene studentar ved Kunsthøgskolen har for å søkje om utveksling i utlandet, gå til sida for studenter.

Studentar

Ansatte