Fra Don Giovanni (2017), masterstudiets avgangsforestilling, ved Den Norske Opera & Ballett. Regi: Jacopo Spirei. Musikalsk ledelse: Gregor Bühl. Foto: Stephen Hutton. På bildet: Marcela Randem.

Operahøgskolen

Operahøgskolen har sidan 1964 vore leiande innan operautdanning i Noreg. Vi tilbyr årsstudium og masterstudium i opera.

Med lærekrefter og sceniske fasilitetar i verdsklasse kombinerer Operahøgskolen individuell, gruppe- og prosjektbasert undervisning. Sceniske produksjonar og konsertar utgjer viktige milepælar undervegs i studiet. Her får studentane jobbe med profesjonelle regissørar, dirigentar og fullt sceneteknisk team. Slik får studentane ei allsidig, praksisnær utdanning og solide føresetnader for å bli profesjonelle operautøvarar i inn- og utland.

Eit nytt bachelorstudium i opera er under planlegging. Estimert oppstart er hausten 2020.

Årsstudium i opera

Fra Askepott (2017), årsstudiets avgangsforestilling. Regi: Jon Tombre. Dirigent: Jean-Paul Pruna. Foto. Stephen Hutton. På bildet: Tunde Gaspar (ikke student), Jørgen Magnus Haslum og Eirin Kvamo Løvstad.

Årsstudium i opera er tilpassa deg som har fullført minimum to år høgare musikkutdanning. Studiet gir grunnleggande scenisk og musikalsk trening i operafaget. Etter fullført studium kan du søke om opptak til masterstudiet i opera.

Gjennom studiet får du jobbe med:

  • Song og musikalsk innstudering
  • Grunnleggande skodespelarteknikk
  • Operakunnskap og språktrening

Alle faga er integrerte i sceniske produksjonar, der du som student får utvikle deg kunstnarisk innan profesjonelle rammer. All undervisning er obligatorisk.

Det blir opptak til Årsstudium i opera for studieåret 2019/2020. Etter dette er programmet planlagt erstatta av det nye bachelorprogrammet i opera.

Masterstudium i opera

Fra Don Giovanni (2017), masterstudiets avgangsforestilling, ved Den Norske Opera & Ballett. Regi: Jacopo Spirei. Musikalsk ledelse: Gregor Bühl. Foto: Stephen Hutton

Masterstudiet i opera utdannar operasongarar på høgste kunstnariske nivå. Etter fullført studium skal du profesjonelt kunne meistre og formidle roller innan eit breitt utrykksspekter.

Sentralt i studiet er:

  • Song og musikalsk innstudering
  • Scenisk arbeid og skodespelarteknikk
  • Fysisk og mental trening
  • Praktisk-teoretisk masteroppgåve

Gjennom studiet skal du utvikle ditt personlege musikalske og sceniske uttrykk. Du skal også utvikle gode samarbeidsevner og forståing av opera som kollektiv kunstform. Alle faga er integrerte i sceniske produksjonar, som difor er sentrale i studiet. All undervisning er obligatorisk.

Operahøgskolen samarbeider med Den Norske Opera & Ballett om årlege produksjonar med orkester i Bjørvika. I løpet av studiet får du også tilbod om meisterklasser, auditiontrening, prøvesong, studietur og kurs i entreprenørskap, som gir ein god overgang til utøvande virke som operasongar.

I studieåret 2018/2019 har Operahøgskolen mellom andre desse gjestelærarane: Ann-Helen Moen, Ole Jørgen Kristiansen, Frode Olsen, Magnus Staveland, Mona Julsrud, Randi Stene, Johannes Weisser, Victoria Bomann-Larsen, Maris Kupcs, Giuseppe Sabbatini, Edith Wiens og Ignacio Garcia.

Opptak

Til studieåret 2019/2020 har Operahøgskolen opptak til Årsstudium i opera og Masterstudium i opera.

Opptaksprøvene til begge programma blir 4.-7. mars 2019. Nærmare informasjon om opptaksprøvene finn du i søknadsvedlegget for 2019/2020, som blir lagt ut her i desember.

Årsstudium i opera

Opptak skjer på grunnlag av formell utdanning og opptaksprøver. For å få innkalling til opptaksprøve, må du dokumentere minst to års musikkutdanning på høgskolenivå (120 studiepoeng). Du må kunne dokumentere kunnskap i norsk og engelsk.

Gjennom opptaksprøvene må du vise særleg talent for musikkdramatisk uttrykk.

Inntil seks studentar får opptak i 2019.

Søknadsfrist 1. februar 2019 (kl. 23:59)
Les gjennom søknadsprosedyren, og last ned søknadsvedlegg (bokmål) / søknadsvedlegg (nynorsk).
NB! Vedlegget må lagrast lokalt på datamaskina og fyllast ut ved hjelp av siste versjon av Adobe Reader.

Masterstudium i opera

Opptak skjer på grunnlag av formell utdanning og opptaksprøver. For å få innkalling til opptaksprøve, må du dokumentere bachelorutdanning i musikk (180 studiepoeng) eller tilsvarande. Utdanninga må inkludere 80 studiepoeng av relevans for operafaget. Av desse må minst 25 studiepoeng vere i sceniske fag.

Du må kunne dokumentere kunnskap i norsk og engelsk. I tillegg krevst grunnleggande kunnskap i fonetikk og italiensk språk.

I spesielle tilfelle kan andre dokumenterte kvalifikasjonar godkjennast som heilt eller delvis likeverdige med dei nemnde utdanningskrava.

Gjennom opptaksprøvene må du vise særleg talent for musikkdramatisk uttrykk.

Inntil åtte studentar får opptak i 2019.

Søknadsfrist 1.februar 2019 (kl. 23:59).

Les gjennom søknadsprosedyren, og last ned søknadsvedlegg (bokmål) / søknadsvedlegg (nynorsk).
NB! Vedlegget må lagrast lokalt på datamaskina og fyllast ut ved hjelp av siste versjon av Adobe Reader.

Felles søknadsprosedyre for alle studiene

  1. Last ned søknadsvedlegget (bla til du finn ditt fagområde). Les all informasjonen grundig og fyll ut vedlegget i Adobe Reader.
  2. Registrer personopplysningar og studieønskeSøknadsweb. Når du registrerer deg må du lage ein personleg pin-kode, som du bruker kvar gong du loggar deg på. Når du har registrert deg på Søknadsweb og valt studium, vil du få ei kvittering med ditt søkjarnummer på e-post.
  3. Last opp søknadsvedlegget til Søknadsweb. Last deretter opp dei andre dokumenta som er lista opp i vedlegget. Følg instruksane nøye. Du får ikkje kvittering for kvart opplasta dokument, men du kan sjekke kva dokument du har lasta opp under «Mine dokument» i Søknadsweb.

Spørsmål om opptak sendast til postmottak@khio.no. Skriv namnet på studiet i emnefeltet.

Utveksling

Hvis du er interessert i å være utvekslingsstudent ved Kunsthøgskolen i Oslo, gå til siden Student Exchange.

Hvis du vil vite om mulighetene Kunsthøgskolens studenter har for å søke om utveksling i utlandet, gå til sidene for studenter.

Studentar

Ansatte