Design

Avdeling Design tilbyr utdanning på master- og bachelornivå i grafisk design, illustrasjon, klesdesign, kostymedesign, interiørarkitektur og møbeldesign.

Avdelinga har god tilgang til verkstader og har små klasser, og det gir unike moglegheiter til å utdanne sjølvstendig tenkjande utøvarar, som snarare enn å reprodusere den faglege diskursen kan utfordre han og bringe faga og samfunnet vidare. Dette er ei viktig rolle for ein statleg institusjon, i eit utdanningslandskap der stadig fleire aktørar tilbyr designutdanningar.

Avdeling Design har sitt opphav i Statens handverks- og kunstindustriskole (SHKS), grunnlagd i 1818. Avdelinga jobbar kontinuerleg med å vidareutvikle arven og handverkstradisjonane frå SHKS, og verkstadene som avdelinga disponerer, står sentralt i dette arbeidet.

Bachelor i grafisk design og illustrasjon

Avdeling Design tilbyr eit profesjonsretta, treårig bachelorprogram i grafisk design og illustrasjon. Avdelinga ser på grafisk design og illustrasjon som ein kunstnarleg praksis. Dei to disiplinane blir sameinte i ein humanistisk tradisjon gjennom eit felles opphav i boktrykkjarkunsten. I forlenginga av dette er alt som blir gjort på studiet, på ein eller annan måte relatert til publisering og massemedium.

Grafisk design og illustrasjon har gjennom det trykte ordet spelt ei sentral rolle i framveksten av ei kritisk offentlegheit. I dagens samfunn tek bilete stadig større plass. Grafisk design og illustrasjon handlar om å forme den visuelle offentlegheita.

Studieretninga har ein prosjektblogg som viser studentarbeid og prosjekt.

Bachelor i klesdesign og kostymedesign

Avdeling Design tilbyr eit profesjonsretta, treårig bachelorprogram i klesdesign og kostymedesign.

Det er mogleg å fordjupe seg i enten klesdesign eller kostymedesign i løpet av bachelorstudiet.

Spesialiseringa i klesdesign skal gi eit fagleg fundament for profesjonell praksis og har ei framtidsretta tilnærming som famnar om både dei kulturelle og dei kommersielle aspekta ved klede som uttrykk i tida og i samfunnet. Fagområdet har ein visjon om å vere toneangivande for utdanning innanfor klesdesign.

Spesialiseringa i kostymedesign gir studentane kunnskap og ferdigheiter til å designe kostyme til teater, dans, opera, TV og film. Gjennom studiet blir det lagt vekt på å sameine teknikk, form, materiale og konsept i ein kreativ prosess. Utdanninga samarbeider med scenefaga i teater, opera og dans.

Bachelorstudiet i kles- og kostymedesign byggjer på kunstfaglege tradisjonar, og omfattar ein tverrfagleg integrasjon av humanistiske, estetiske, teknisk-naturvitskapelege og merkantile fag. Utdanningstilbodet er retta mot ulike behov i samfunnet for designtenester, berekraftig utvikling og for næringsretta design.

Bachelor i interiørarkitektur og møbeldesign

Avdeling Design kan by på eit profesjonsretta, treårig bachelorstudium i interiørarkitektur og møbeldesign.

Vi har ei praktisk tilnærming til undervisninga og i dei rikt utstyrte verkstadene på skulen vert det lagt vekt på eksperimentering. Vi er stolte av å vera ein del av landet sin største kunsthøgskule der samarbeid på tvers av dei ulike fagområda opnar for faglige og kritiske diskusjonar om lokale og globale samanhengar.

Vi definerer interiør som sosiale rom innan ulike kulturar og samanhengar, og møblar som objekt og gjenstandar som står i relasjon til desse. Med tanke på vår felles framtid oppmuntrar vi til kritiske undersøkingar av dei bygde omgjevnadene.

Teori og metode er godt integrert i undervisninga. Utdanninga legg vekt på entreprenørskap og samarbeid med næringslivet for på best mogleg vis måte å gjere studentane rusta til å møte arbeidslivet. Bachelorstudiet dannar grunnlag for vårt ettertrakta masterstudium i design, med spesialisering i interiørarkitektur og møbeldesign.

Bachelorstudiet i interiørarkitektur og møbeldesign har gode internasjonale nettverk og opnar for utveksling ved verdas leiande designskular.

Programmet har ein egen prosjektblogg kor studentarbeid vert presentert: www.livespace.no

Master i design

Masterstudiet i design er ei toårig profesjonsretta spesialisering innanfor eitt av fagområda til designavdelinga (sjå nærmare beskrivingar under):

  • grafisk design og illustrasjon
  • klesdesign og kostymedesign
  • interiørarkitektur og møbeldesign

Spesialiseringane utgjer hovuddelen av studiet. I tillegg blir det tilbydd emne i teori og metode som inngår som ein integrert del av studiet på tvers av faggrensene.

Masterstudiet i design er eksperimenterande og forskingsorientert. Målet med utdanninga er å utdanne sjølvstendige, skapande og reflekterande utøvarar som er rusta for å møte samfunnet sitt behov for relevante og innovative løysingar, uttrykk og arbeidsformer.

Studiet er forankra i ein kunstfagleg, humanistisk tradisjon og legg vekt på løysingar som bidreg til mangfald og kvalitet i samfunnet både i ein lokal og ein global samanheng.

Mastergradsstudiet i design er eit prosjektbasert studium basert på fagleg praksis og kritisk refleksjon. Studiet legg vekt på opne og eksperimentelle designprosessar og byggjer på designfagleg forsking og utviklingsarbeid ved avdelinga.

Grafisk design og illustrasjon

I fordjuping på masternivå innanfor grafisk design og illustrasjon undersøkjer og diskuterer ein moglegheiter og potensial ved faga, gjennom eksperimenterande utforsking, både gjennom praktiske prosjekt og fagleg refleksjon. Studiet er innretta på stor grad av fagleg sjølvstende. Studentane blir gitt tid til å forske i eiga tilnærming og fagleg tilnærming, samtidig som dei får fagleg motstand frå kollegiet og medstudentar. Studiet legg vekt på å utfordre fagdisiplinen og vere premissleverandør for den framtidige faglege diskursen.

For informasjon om prosjekt og studentarbeid, sjå grafiskdesignogillustrasjon.no

Klesdesign og kostymedesign

Fordjuping på masternivå innanfor klesdesign og kostymedesign gir kunnskapar om utforming av klesdrakter som oppfyller ulike brukarars behov, frå scenisk unikaproduksjon til ein meir allmenn bruk av klede, sett i ein sosial og kulturell samanheng. I mastergradsstudiet arbeider studenten hovudsakleg innanfor eitt av områda: klesdesign eller kostymedesign. Kvart område gjer det mogleg med fordjupingsstudium innanfor ei rekkje felt som krev spesialkompetanse.

Interiørarkitektur og møbeldesign

Fordjupinga på masternivå har ei kunstfagleg tilnærming til design av rom og møblar. Studentens eigen kompetanse, erfaring og intuisjon er utgangspunktet for å utvikle ei personleg, eksperimenterande og kritisk haldning. I fordjupinga blir det lagt vekt på sjølvstendig idéutvikling, fagleg refleksjon, innleving, samfunnsbevisst engasjement og konseptuell tenking, som kan utfordre og tene samfunnet på nye måtar. Innanfor ramma av eige prosjekttema har studenten moglegheit til å arbeide grenseoverskridande og tverrfagleg innanfor Kunsthøgskolens breie design-, kunst- og scenefaglege miljø. Kunsthøgskolen har romlaboratorium i full skala, og avanserte digitale og materialbaserte verkstader.

For informasjon om prosjekt og studentarbeid, sjå livespace.no

Opptak

Bachelor i grafisk design og illustrasjon

Opptak skjer på grunnlag av beståtte opptaksprøvar og generell studiekompetanse. Unntak frå krav om generell studiekompetanse gjeld for søkjarar som gjennom opptaksprøven kan dokumentere spesielle faglege kvalifikasjonar. Ved opptak blir det lagt vekt på design- og illustrasjonsfaglege anlegg, formforståing og refleksjonsevne hos søkjarane.

Det blir gjennomført ei heilskapleg vurdering av kvar enkelt søkjar, med særleg vekt på designfaglege utviklingspotensial, evner, ambisjonar og kunnskapar innanfor grafisk design og illustrasjon.

Opptaksprøva er todelt og kan inkludere eit intervju. Oppgåvene som skal løysast finn du i søknadsvedlegget.

Søknadsfrist 1. april.
Les gjennom søknadsprosedyren, og last ned søknadsvedlegg.
NB! Vedlegget må lagres lokalt på din datamaskin og så fylles ut ved hjelp av siste versjon av Adobe Reader.

Bachelor i klesdesign og kostymedesign

Opptak skjer på grunnlag av beståtte opptaksprøvar og generell studiekompetanse. Unntak frå krav om generell studiekompetanse gjeld for søkjarar som gjennom opptaksprøven kan dokumentere spesielle faglege kvalifikasjonar.

Det blir gjennomført ei heilskapleg vurdering av kvar enkelt søkjar, med særleg vekt på designfagleg utviklingspotensial og søkjaren si evne til:

  • å vise sensitivitet overfor materiale og tredimensjonal form
  • å ha nysgjerrigheit, engasjement og evne til å reflektere
  • å uttrykkje seg visuelt
  • å kunne vise sjølvstende og gode samarbeidsevner
  • å vise idérikdom

Opptaksprøva er todelt og kan inkludere eit intervju. Oppgåvene som skal løysast finn du i søknadsvedlegget.

Søknadsfrist 1. april.
Les gjennom søknadsprosedyren, og last ned søknadsvedlegg.
NB! Vedlegget må lagres lokalt på din datamaskin og så fylles ut ved hjelp av siste versjon av Adobe Reader.

Bachelor i interiørarkitektur og møbeldesign

Opptak skjer på grunnlag av opptaksprøvar, intervju og generell studiekompetanse. Unntak frå krav om generell studiekompetanse gjeld for søkjarar som gjennom opptaksprøven kan dokumentere spesielle faglege kvalifikasjonar.

Ved opptak blir det lagt vekt på:

  • tredimensjonal førestillingsevne
  • sjølvstende og originalitet
  • problemløysingsevne
  • evne til å visualisere eigne idear
  • reflektert og bevisst formuleringsevne
  • variasjon i bruk av teknikkar og uttrykksmåtar
  • utanomfaglege og tverrfaglege interesser

Opptaksprøva er todelt og kan inkludere eit intervju. Oppgåvene som skal løysast finn du i søknadsvedlegget.

Søknadsfrist 1. april.
Les gjennom søknadsprosedyren, og last ned søknadsvedlegg.
NB! Vedlegget må lagres lokalt på din datamaskin og så fylles ut ved hjelp av siste versjon av Adobe Reader.

Master i design

Målgruppa for studiet er søkjarar som ønskjer å vidareutvikle seg fagleg gjennom eit profesjonsrelatert fordjupingsstudium, eller som ønskjer eit forskarførebuande studium innanfor design og fordjupingsområda.

Mastergradsstudiet byggjer på ein treårig bachelorgrad (180 studiepoeng) i design eller ei likeverdig utdanning som omfattar designstudium på minst 120 studiepoeng relatert til og relevant for den studieretninga som vedkomande søkjer på. Søkjarar med eit mindre omfang av design/designrelaterte fag i graden kan også søkje om opptak dersom dei dokumenterer at dei har praksis som i omfang og nivå tilsvarar kravet ved den studieretninga dei søkjer på.

Alle søkjarar må dokumentere gode kunnskapar i engelsk.

Søknaden skal bestå av fullstendig utfylt søknadsskjema. Med søknaden skal det følgje:

  • curriculum vitae
  • ei grunngiving for val av fordjupingsområde: enten interiørarkitektur, møbeldesign, grafisk design, illustrasjon, klesdesign eller kostymedesign
  • beskriving av tema for prosjektet studenten planlegg å arbeide med som sjølvstendig mastergradsprosjekt, med grunngiving
  • portefølje med visuell og skriftleg dokumentasjon av fagleg kompetanse innanfor det fordjupingsområdet studenten søkjer på, med vekt på å vise det faglege grunnlaget for å arbeide med prosjekttematikken.

Det blir gjennomført ei heilskapleg vurdering av kvar enkelt søkjar, med særleg vekt på designfaglege utviklingspotensial.

Ved opptak blir det gjort ei samla vurdering av søkjarane når det gjeld:

  • tidlegare utdanning og erfaring
  • fagleg bakgrunn som grunnlag for utvikling av prosjekt gjennom studiet
  • evne til å identifisere, formulere og avgrense eit prosjekttema og evne til å grunngi fagleg relevans

Søkjarane kan bli innkalla til intervju.

Søknadsfrist 1. februar.
Les gjennom søknadsprosedyren, og last ned søknadsvedlegg. NB! Vedlegget må lagres lokalt på din datamaskin og så fylles ut ved hjelp av siste versjon av Adobe Reader.

Felles søknadsprosedyre for alle studiene

  1. Last ned søknadsvedlegget (bla til du finner ditt fagområde), les all informasjonen grundig og fyll ut vedlegget i Adobe Reader.
  2. Registrer personopplysninger og studieønske på Søknadsweb. Når du registrerer deg må du lage din egen personlige pin-kode som du bruker hver gang du logger deg på. Når du har registrert deg på Søknadsweb og valgt studium, vil du motta en kvittering med ditt søkernummer på e-post.
  3. Last opp søknadsvedlegget til Søknadsweb. Last deretter opp de andre dokumentene som står beskrevet i vedlegget. Følg veiledningen nøye. Du ikke får kvittering for hvert opplastet dokument, men du kan til enhver tid til sjekke hvilke dokumenter du har lastet opp ved å klikke på mine dokumenter inne i Søknadsweb.

Det vil være mulig å laste ned søknadsvedlegg og å registrere seg på Søknadsweb ca to måneder før søknadsfristen.

Spørsmål om opptak sendes til postmottak@khio.no. Skriv navnet på studiet i emnefeltet.

Utveksling

Dersom du er interessert i å vere utvekslingsstudent ved Kunsthøgskolen i Oslo, gå til sida Student Exchange.

Dersom du vil vite om moglegheitene studentar ved Kunsthøgskolen har for å søkje om utveksling i utlandet, gå til sida for studenter.

Studentar

Ansatte