Studentar gjennom nålauget

Studentar frå Kunst og håndverk deltek på utstillinga «Kunsthåndverk 2015». Mengden søkjara til utstillinga har vore rekordstor i år.

«Kunsthåndverk 2015» er den juryerte årsutstillinga til Norske Kunsthåndverkere. Utstillinga ved Kunstindustrimuseet viser noko av det beste innan notidas kunsthandverk.

Tre studentar deltek frå Kunst og håndverk og alle spesialiserar seg innan keramikk. Dei tre er Ida Olesdatter Barland (BA3), Lissette Escobar (BA3) og Andrea Scholze (MA2)

Norske Kunsthåndverkere fyller 40 år og utstillinga «Kunsthåndverk 2015» er ein viktig del av markeringa. Utstillinga har hatt stadig aukande søkjara og i år er det rekord så langt.

«Kunsthåndverk 2015» held ope til og med 6. desember.