Prins Eugen-medaljen til Sigurd Bronger

Tysdag 10. november vart Prins Eugen-medaljen for framståande kunstnerisk gjerning delt ut til Sigurd Bronger, professor II ved Metall- og smykkekunst, Kunst og håndverk. Medaljen vart delt ut ved det kongelig slott i Stockholm.

Professor Sigurd Bronger, møtte tysdag 10. november det svenske kongeparet og mottok Prins Eugen-medaljen for framståande kunstnerisk gjening. Utdelinga skjedde på det kongelige slott i Stockholm.

Bronger er ein av dei mest framståande samtidige smykkekunstnarar, "med humor, kärlek till materialet, tid och finslipade detaljer skapar Bronger genusöverskridande smycken", skriv Kungehuset på sine heimesider. I pressemeldinga frå Sveriges Kungehus finn du og dei andre mottakarane av medaljen i år.

Bronger kom rett frå Kina, der han deltok i opninga av Hangzhou Contemporary International Jewellery and Metal Art Triennial 2015 med smykkeserien ”In between” – ei samling verk i mellomrommet mellom funksjonelle smykker og kunstneriske objekt.