Nytt styre ved Kunsthøgskolen

Kunnskapsdepartementet har oppnemnt nye medlemer til styret ved Kunsthøgskolen og dei tilsette har valt sine representantar. Det blir store utskiftingar ettersom berre fire av elleve medlemer er med frå det gamle styret.

Styret ved KHiO 2019-23

Måns Wrange er kunstnar, skribent, kurator og pedagog frå Stockholm. Han er valt til rektor på KHiO og er då også leiar av styret. Han er ny i styret.

Vara: Anne-Linn Akselsen, prorektor og førsteamanuensis med programansvar for bachelorstudiet i samtidsdans.

Oppnemnde av Kunnskapsdepartementet

Anna Lindal er svensk og kunstnarisk frilansar. Lindal er knytt til Operahøgskolan ved Stockholms Konstnärliga Högskola og er tidlegare dekan ved Gøteborgs universitet. Ho er oppnemnt for den andre fireårsperioden.

Morten Gjelten er frå Asker og arbeider som direktør for Norsk teater- og orkesterforening. Gjelten har tidlegare vore direktør ved Det Norske Teatret og finansdirektør ved Trøndelag teater. Han er oppnemnt for den andre fireårsperioden.

Gunn Elin Bjørneboe er frå Oslo. Ho har vore universitetsdirektør ved UiO i 12 år og har omfattande styre- og leiarerfaring frå offentleg sektor. Ho er i dag spesialrådgivar ved UiO. Ho er ny i styret.

Per Magnus Sandsmark er frå Halden og bur nå i Volda der han arbeider som direktør for Nynorsk kultursentrum. Han har praksis frå fleire museum og som redaktør av nettleksikonet Allkunne. Han er ny i styret.

Vara: 1. Lubna Jaffery, seniorrådgivar ved IMDi Vest i Bergen, 2. Ruben Steinum, styreleiar i Norske Billedkunstnere. Begge er nyoppnemnde.

Fagleg personale

Tiril Schrøder er professor i teikning ved avdeling Kunst og handverk.

Heidi Haraldsen er høgskolelektor i pedagogikk ved avdeling dans og studieprogramansvarleg for praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i dans og teater.

Tore Vagn Lid er professor i regi ved avdeling Teaterhøgskolen.

Vara: 1. Christina Fossaas Lindgren, professor i kostymedesign, 2. Martin Egge Lundell, professor og fagansvarleg for grafisk design og illustrasjon, 3. Merete Røstad, førsteamanuensis i kunst og offentlege rom)

Teknisk- og administrativt personale

Trond Kasper Mikkelsen er verkstadsleiar ved seksjon for teknisk produksjon

Vara: Kristin Øye Gjersdal, rådgivar og studiekonsulent

Alle representantane valt av fagleg og teknisk- og administrativt personale er nye.

Studentrepresentantar

Jens Martin Hartvedt Arvesen, masterprogrammet i dans

Alma Maria Ida Braun, bachelorstudiet i biletkunst

Vara: Helena Schuback, årsstudiet i opera og Ole Marius Støle, bachelorstudiet i samtidsdans.

Studentrepresentantane vert valde om hausten, etter semesterstart for eitt år om gongen. Dei andre representantane sit i heile perioden 1.8.2019 til 31.7.2023.