170 studentar syner fram framtidas kunst og design
Pressemelding frå Kunsthøgskolen i Oslo, 04.05. 2016: 9. mai – 15. juni inviterer avgangsstudentane ved Kunsthøgskolen i Oslo til «Avgang 2016» der publikum kan sjå deira avsluttande arbeid frå bachelor og masterstudia.
For første gong har avdelingane Design, Kunstakademiet og Kunst og handverk felles opning. Det blir også motevisning, opera og samtidsdans.
- Å holde avgangsutstillingar på Kunsthøgskolens campus er framifrå for å vise fram studentane sine arbeid, samtidig som dette laboratoriet av ein institusjon blir satt på kartet - midt på Grünerløkka! seier rektor Jørn Mortensen (bildet) ved Kunsthøgskolen i Oslo. «Avgang 2016» er gratis og ope for alle!
No kan du for første gong sjå ein felles opning for til saman 170 studentar frå seks utdanningar ved Kunsthøgskolen i Oslo! Viss du vil sjå framtidas kunst og design er det berre å finne vegen til den ombygde seglduksfabrikken midt på Grünerløkka i Fossveien 24, i tillegg til Kunstnernes Hus ved Slottsparken. Gratis og ope for alle!
-Avgangsutstillingane for bachelorstudentane er viktige fordi tre års arbeid får materialisere seg i kunst- og designarbeid. Dei bærer i seg samtalene og refleksjonen frå verkstad og atelier, seier rektor Jørn Mortensen, som ser fram til opninga neste veke.
- Det vil bli interessant å oppleve avgangsarbeid frå tre ulike avdelingar samtidig, fordi vi kan sjå ulike tradisjonar og disipliners løysingar på mange av de same designfaglige og kunstnarlege utfordringane, seier han.
Kontakt og meir informasjon:
kommunikasjonssjef Atle Faye
tlf.: + 47 913 47 369
e-post: atle.faye@khio.no
rektor Jørn Mortensen
tlf.: + 47 945 23 328,
e-post: jorn.mortensen@khio.no
Opningar:
Onsdag 11. mai kl. 18.00 – Kunsthøgskolen i Oslo
- Opning av avgangsutstilling bachelor Design, Kunst og handverk og Kunstakademiet
Fredag 27. mai kl. 18.00 – Kunstnernes Hus
– Opning av avgangsutstilling master Kunstakademiet
Fredag 3. juni kl. 18.00 – Kunsthøgskolen i Oslo
– avgangsutstilling master Design,
Fredag 3. juni kl. 19.00 – Kunsthøgskolen i Oslo
– Motevisning master og bachelor kles- og kostystymedesign