Forestilling

Ein midtsommarnattsdraum

Avgangsstudentane i skodespelarfag ønskjer velkomen til William Shakespeare sin klassikar.

Stykket skildrar opplevingane til to unge kjærleikspar og ei gruppe amatørskodespelarar i ein forheksa skog. Som i mange andre stykke av Shakespeare handlar det også her om kjærleik, sjalusi og sorg. Komedien er skriven ein gong rundt midten av 1590-åra, og er omsett av Halldis Moren Vesaas.

I rollene:
Helene Naustdal Bergsholm, Gina Hermine Bernhoft Gørvell, Thea Lambrechts Vaulen, Victoria Ose, Manish Sharma, Ina Svenningdal, Øyvind Hovden (gjest), Jacob Vigeland (gjest)

Regi: Sigrid Strøm Reibo
Scenografi: Mari Lotherington
Kostymer: Hedda Simonsen Lund
Lysdesign: Agnethe Tellefsen

Billettar her

Foto: Arturo Tovar