Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 117, Firefox (Android) 118, Android WebView 117, Chrome 117, Chrome 116, Chrome 115, Chrome 114, Chrome 109, Edge 117, Edge 116, Firefox 118, Firefox 117, Firefox 91, Firefox 78, Safari/Chrome (iOS) 17.0, Safari/Chrome (iOS) 16.6, Safari/Chrome (iOS) 16.3, Safari/Chrome (iOS) 16.1, Safari/Chrome (iOS) 15.6-15.7, Opera Mobile 73, Opera 103, Opera 102, Opera 101, Safari (MacOS) 17.0, Safari (MacOS) 16.6, Safari (MacOS) 15.6, Samsung 22, Samsung 21

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Utstilling

Linda Hærnes sitt arbeid slik det skal freses inn i den vesle trebiten.
Linda Hærnes sitt arbeid slik det skal freses inn i den vesle trebiten.

Prosess: Postdigital Printmaking

I to veker har Kunst og handverk utforska korleis ein kan kombinere dei etablerte trykke-teknikkane med dei nye digitale verktøya i skulens velutstyrte verkstader. Dei har allereie funne ein ny trykketeknikk. Fredag 17.03 opnar utstilling av arbeida i Katedralen.

-Vi bruker laser og cnc-router til å lage tresnitt, vi bruker vakuumpressa på treverkstaden og vi er på printshop og printer motiv som blir etsa på kobberplater før det blir djup-trykt. Dette er en skikkelig nerde-workshop, smiler Trine Wester, førsteamanuensis 3D-print/dForm. Saman med Erik Solheim, førsteamanuensis i grafisk kunst har ho invitert til workshop for å forske i nye moglegheiter ved å kombinere ny teknologi og tradisjonelle trykketeknikkar.

-Eg ser den nye teknologien som positiv, den utvider kva som er mogleg å få til som kunstnar. Vi har faktisk i løpet av desse to vekene funne ei ny grafikkgrein; vakuumgrafikk. Ein slik workshop der vi får konsentrert oss om djupdykk i eit tema, saman med ein kunnskapsrik verksmeister er svært verdifull også for oss tilsette. Vi startar kvar morgon med eit felles møte der vi tar opp utfordringar, det er ein veldig fin og utviklande måte å jobbe på. Workshopen er i prinsippet open for andre avdelingar ved skulen, men det er berre studentar frå Kunst og handverk som har møtt. Vi har også med to kunstnarar utanfrå, slik får me kontakt med aktive kunstnarar og dei får oppdatert seg her hos oss.

Når studentar og kunstnarar får sjå kva som er mogleg å få til, håper vi det stimulerer til meir bruk av nye verktøy og at desse blir ein naturleg del av verkstadmiljøet. Rolla til verksmeistrane er veldig viktig, dei sit på enorm kompetanse, utan dei stoppar alt opp her hos oss.

Bachelorstudent Cathrine Liberg jobbar med å programmere cnc-routeren slik at ho får frest inn ei detaljert vifteform. –Med denne fresen kan vi få fram fine detaljer som er vanskeleg å få fram for hand. Fresen overset frå foto til tre – det er spanande synes eg. Cristopher Holt-Iversen har brukt skulen sitt nye VR(virtual reality)-utstyr for å skape ei ramme som skal fresast ut. Denne skal brukas rundt eit bilete han har skapa gjennom ein app på mobilen, medan Marcus von Krogh har rett og slett lage ei trykkplate med trykk av cnc-routeren som har fresa ut trykket. -Litt meta, smiler han.

Jonas Wasa har grepe fatt i ei hending for litt sidan der han etter å ha besøkt ei venninne i Italia fekk ein handskriven lapp i handa under avskjeden, med ei melding han ikkje skjøna. Han har vald å først printe eit motiv av denne venninna, så har han skrevet ei melding inn i eit program som overset engelsk til binærkodar, altså nullar og eitt-tal. Desse har han frest ned i ei treplate for så å lage eit relieff-trykk. Resultatet skal bli at tala vil berre delvis synast, du må ta på arbeidet eller teikne med kol bakpå for å få fram heile meldinga og så må du dekode den tilbake til engelsk.
-Eg har rett og slett vald å lage ei kryptisk melding, både analogt og digitalt for å mystifisere meldinga.

Dette og meir til kan du sjå når arbeida vert utstilt i Katedralen frå 17.03 til fredag 24.03.