Forestilling

Master dans Avgang 2019, Jonas Pedersen Øren

AVGANG 2019: PRESENTATIONS edt. 1.1.–1.4. Performing the self in the self(ie) society

PRESENTATIONS (editions 1.1.–1.4 ) er ein serie sjølvstendige, men gjensidig samanhengande, danseframsyningar – utvikla som fire forskjellige sjølvportrett.

Jonas er iscenesett. Jonas er maskert. Jonas er kreert. Jonas er Jonas.

Frå ulike perspektiv undersøker Jonas Øren, avgangsstudent i master dans, korleis framføringa av sjølvet kan utnyttast i dansekunstnariske- og koreografiske prosessar. Materialet er delar av hans eigen sjølvbiografi, som aktualiserer det splitta sjølvet i møtet mellom fiksjon og røyndom.

Scena er gitt som ein stad som skaper eit møte mellom det objektiviserte, iscenesette og opplevde sjølvet. Slik blir det sett spørsmålsteikn ved både korleis "eg'et" kan og ikkje kan samanfalle med "meg'et". Vil ytringar og dans baserte på det sjølvbiografiske kunne seie noko av relevans for dette spørsmålet? Er det (i det heile tatt) mogleg å skape eit iscenesett sjølvportrett?

Intervju og sjølvintervju er nytta som metode for å utskilje ein materie baserte på fire emne: fortid, sex, karriere og framtid. Desse påverkar igjen dei ulike portretta. To koreografar, ein dansar, og ulike Youtube-videoar, har forma dei ulike arbeida saman med Øren i kvar sin modul. Dei ulike modulane blir i sin tur ramma inn på scena i form av ulike live-intervju – talk-shows – der gjestar og artistar er inkluderte i iscenesettinga.

28. mars:
"Choreographing Whiteness" av Thomas Talawa Prestø.
Gjestar: Charlotte Thiis-Evensen and Camara Lundestad Joof
Musikk: Orlin Kantardjiev

29. mars:
"In the Middle Somewhat Elevated Deconstructed" basert på Youtube-videoar av William Forsythe-ballettar.
Musikk: Drippin

1. april:
"Self-study / Sjølvstudie" av Solveig Styve Holte.
Musikk: Myra

2. april:
"Nostalgia"
Musikk: Maya Vik

Konsept, utøvande og skapande dansekunstnar: Jonas Øren
Koreografi: Solveig Styve Holte, Thomas Talawa Prestø.
Medskapande dansar: Mathias Stoltenberg
Lysdesign: Inger Johanne Byhring
Kostyme: Hedda Simonsen Lund
Interne rettleiarar: Torunn Robstad og Bojana Cvejic
Ekstern rettleiar: Kai Johnsen
Foto: Simen Øvergaard, Martin Rustad Johansen, Emma Sukalic og Christina Leithe

NB: Det er fire avgangsstudenter på master dans, og det er mulig å se alle de fire forestillingene etterhverandre samme dag.

Billettbestilling

https://www.facebook.com/events/312789999591267/?active_tab=about