Under moteveka i København, vann Elnaz Gargari talenttevlinga Designers Nest. Det er første gang Noreg vinn denne prisen.

Elnaz Gargari gjekk ut av bachelorstudiet i Kles- og kostymedesign i vår. Plagga ho viste under tevlinga er del av avgangskolleksjonen hennar. Designers Nest er ei tevling for dei beste nyutdanna designtalenta i Norden. Det heile fann stad tirsdag 8. august i København, under den største moteveka i Nord-Europa. Premien er 50.000,- danske kroner, nær 65.000,- norske kroner.

Juryen skriv i grunngjevinga at den unge motedesignaren har skapa ein «grenselaus mote».

Elnaz Gargari vert følgd av eit team frå NRK som lagar ein dokumentarserie om bacheloravgangskullet i kles- og kostymedesign på KHiO. NRK har fulgt studentane gjennom det siste vårsemesteret, og vil følgje dei fram til vinteren igjen. Målet er å vise korleis avgangselevane omset lærdom til eit verkeleg liv og byggjer ei karriere. Serien skal visast på NRK våren 2018.

Saka vil verte oppdatert.


NRK: Norske Elnaz vant prestisjetung talentpris under Nordens største moteuke