Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 104, Firefox (Android) 101, QQ browser 10.4, UC browser 12.12, Android WebView 104, Baidu 7.12, Chrome 104, Chrome 103, Chrome 102, Edge 104, Edge 103, Firefox 103, Firefox 102, Firefox 91, Firefox 78, Internet Explorer 11, Safari/Chrome (iOS) 15.5, Safari/Chrome (iOS) 15.4, Safari/Chrome (iOS) 15.2-15.3, Safari/Chrome (iOS) 14.5-14.8, Safari/Chrome (iOS) 14.0-14.4, Safari/Chrome (iOS) 12.2-12.5, KaiOS 2.5, Opera Mini, Opera Mobile 64, Opera 89, Opera 88, Safari (MacOS) 15.6, Safari (MacOS) 15.5, Samsung 18.0, Samsung 17.0

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Kjersti Horn i forbindelse med Raskolnikov på Det Norske Teatret. Foto: Siren Høyland/DNT
Kjersti Horn i forbindelse med Raskolnikov på Det Norske Teatret. Foto: Siren Høyland/DNT

Regikapasitet til KHiO

Kjersti Horn er tilsett som førsteamanuensis i regi på Kunsthøgskolen i Oslo, avdeling Teaterhøgskolen, i ei åremålsstilling på seks år. Ho startar i august.

– Det er med stor glede vi kan meddele å ha fått regissør Kjersti Horn med på laget, seier Victoria Meirik, dekan på avdeling Teaterhøgskolen. – Ho har eit heilt unikt samfunnsmessig og politisk orientert kunstnarskap, og vil bli ein stor ressurs for masterutdanninga i teater.

Horn er utdanna ved Dramatiska institutet i Stockholm i 2006 og har som regissør hatt ansvar for nærare 50 produksjonar ved eit stort tal scener i Norden, mellom anna Nationaltheatret, Den Nasjonale Scene i Bergen, Det Norske Teatret, Den Norske Opera og Ballett, Dramaten og Stockholms Stadsteater. Horn verkar og som dramatikar og omsetjar og er tilsett som husregissør på Det Norske Teatret. Ho har vunne og vore nominert til Hedda-prisen ein rekke gonger.

– Som ein raud tråd i arbeidet mitt, frå klassikarar til nyskriven dramatikk eller adapsjonar, er eit sterkt sosialt engasjement, politisk medvit og samfunnsorientering, skriv Horn: – Tema som utanforskap og marginalisering er brennande for meg og gjennomsyrer alt arbeidet mitt.

Stillinga Horn er tilsett i omfattar undervisning, rettleiing og vurdering av studentar på masterutdanninga i teater og bachelorutdanninga i regi. Ho vil fungere som programrådsleiar på master teater og bidra i utviklinga av regifaget og masterutdanninga på avdelinga.

– Tema som utanforskap og marginalisering i samfunnet, på tvers av sosiale lag står og sterkt i gjerninga hennar som pedagog, og vi gler oss til ho skal vere med og utvikle master i teater vidare for framtidige studentar, seier Meirik. –Vi ønsker ho varmt velkommen til skolen og kollegiet!