Pål Stephensen konstituert som direktør på KHiO

Styret ved Kunsthøgskolen i Oslo har i styremøte 27. oktober 2020 konstituert Pål Stephensen som direktør.

Pål Stephensen (59) er i dag seksjonssjef for verksemdstyring på KHiO. Han har juridisk embetseksamen frå Universitetet i Oslo. I åtte år var han administrerande direktør i Norske arkitekters landsforbund og har tidlegere også vore administrerande direktør i NHO Grafisk i åtte år, og før det tre år som forhandlingsleiar og advokatfullmektig i Norges Juristforbund. Han har også arbeidd seks år i det tidlegare Kyrkje, utdannings- og forskingsdepartementet, og har som jurist god kjennskap til arbeidsrett. Pål Stephensen er styremedlem i Oslo Jazzfestival.

Annemarie Bechmann Hansen som i dag er direktør har sin siste arbeidsdag på KHiO 6. november 2020 for deretter å tiltre ny stilling som direktør for Statped.

Stillinga som direktør for Kunsthøgskolen i Oslo er lyst ut med søknadsfrist 1. november 2020.