Mona Larsen. Foto: Tove Lise Mossestad
Mona Larsen. Foto: Tove Lise Mossestad

Mona Larsen ny dekan for avdeling design på KHiO

Kunsthøgskolen i Oslo har tilsett Mona Larsen som dekan ved avdeling design i ei åresmålsstilling for fire år.

-Vi er veldig glade for å ha rekruttert ein så kompetent dekan til Kunsthøgskolens avdeling for design, som både har lang erfaring som profesjonell designar og som leiar og lærar innan utdanning og forsking, sier rektor Måns Wrange ved KHiO.

-Engasjementet mitt innan fagfeltet design er stort og knytt til alle aspekt innan designutdanning, formidling og forsking, seier Mona Larsen. Visjonen min er ”å gjere det umoglege mogleg og det usynlige synlig”, som handlar om å ikkje godta det opplagte.

-Design handlar om nysgjerrigheit, sjå moglegheiter, finne nye vegar, være open og utfordre det etablerte. Vi skal vidareutvikle faget gjennom eit sterkt formspråk, material bevisstheit, bærekraft, tverrfaglegheit, globale relasjonar og kritisk refleksjon, seier Mona Larsen, ny dekan ved avdeling design på KHiO.

Mona Larsen er utdanna frå Statens handverks- og kunstindustriskole i Oslo og Istituto Marangoni i Milano. I dag arbeider ho som instituttleiar ved institutt ved Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen og var i fem år dekan ved Kunsthøgskolen i Bergen før verksemdsoverdraginga til UiB. Ho har ei lang karriere som profesjonell klesdesignar og har også vore jurymedlem ved fleire oppdrag innan utsmykking og design.

Mona Larsen tiltrer stillinga 1. februar 2020.