
Måns Wrange blir ny rektor på Kunsthøgskolen i Oslo
Måns Wrange er valt til ny rektor på KHiO i dei neste fire åra. Anne-Linn Akselsen vert ny prorektor.
Kandidatparet Måns Wrange og Anne-Linn Akselsen fekk 60,6 % av stemmene.
Kandidatparet Jørn Mortensen og Heidi Haraldsen fekk 37,9 % av stemmene.
Valdeltakinga var 56,8 %.
Det er avgitt 459 stemmer. 5 stemmer var blanke. 3 stemmer vart forkasta.
Les meir om kandidatane og deira valprogram her
Styret ved Kunsthøgskolen har fastsett at KHiO skal ha ordning med valt rektor, jf. universitets- og høgskolelova § 10-2, nr. 1. Valperioden for det nye rektoratet gjeld frå 1. august 2019 og i fire år.