Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 97, Firefox (Android) 95, QQ browser 10.4, UC browser 12.12, Android WebView 97, Baidu 7.12, Chrome 97, Chrome 96, Chrome 95, Chrome 94, Edge 97, Edge 96, Firefox 96, Firefox 95, Firefox 94, Firefox 91, Firefox 78, Internet Explorer 11, Safari/Chrome (iOS) 15.2-15.3, Safari/Chrome (iOS) 15.0-15.1, Safari/Chrome (iOS) 14.5-14.8, Safari/Chrome (iOS) 14.0-14.4, Safari/Chrome (iOS) 12.2-12.5, KaiOS 2.5, Opera Mini, Opera Mobile 64, Opera 82, Opera 81, Safari (MacOS) 15.2-15.3, Safari (MacOS) 15.1, Safari (MacOS) 14.1, Safari (MacOS) 13.1, Samsung 16.0, Samsung 15.0

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Kristel Jæger Skorge, ny direktør på KHiO. Foto: Universitetet i Oslo
Kristel Jæger Skorge, ny direktør på KHiO. Foto: Universitetet i Oslo

Kristel Jæger Skorge ny høgskoledirektør på KHiO

Styret ved Kunsthøgskolen i Oslo har tilsett Kristel Jæger Skorge som ny direktør. Ho kjem frå stilling som direktør for forskings- og innovasjonsadministrasjon ved Universitetet i Oslo.

-Eg er veldig glad for at KHiO har rekruttert ein så høgt kvalifisert høgskoledirektør med brei leiarerfaring både som direktør og som institutt- og forskingsleiar, seier rektor Måns Wrange. -Med lang erfaring og stor forståing av både det administrative og faglege arbeidet, er eg overtydd om at Kristel Jæger Skorge er den inkluderande og brubyggjande, så vel som den strategiske og tydelege leiaren, som KHiO treng, seier rektor Måns Wrange.

-KHiO har eit dyktig og nyskapande personale og rekrutterer svært talentfulle studentar både frå inn- og utland, seier ny høgskoledirektør Kristel Jæger Skorge. -KHiO utdannar til praksisfelt og profesjonar eg interesserer meg for og held høg kvalitet både i utdanningane, det kunstnariske utviklingsarbeidet og forskinga. Det er utruleg flott å få moglegheit til å være med på å bidra i den vidare utviklinga av KHiO, og eg gler meg til å ta fatt på jobben som høgskoledirektør.

Kristel Jæger Skorge (54) er utdanna cand.philol. og dr.art. ved Universitetet i Bergen. Ho har også gjennomført Master of Public Administration med spesialisering i strategisk leiing ved Copenhagen Business School. Skorge har brei erfaring frå universitets- og høgskolesektoren og har mellom anna arbeidd som stipendiat og prosjektmedarbeider ved Senter for europeiske kulturstudium ved Universitetet i Bergen, FoU-leiar og underdirektør ved Universitetet i Stavanger og førsteamanuensis og instituttleiar ved Høgskolen i Oslo og Akershus (nå OsloMet) og som leiar av FOU i NAV. Skorge er nå direktør for forskings- og innovasjonsadministrasjon ved Universitetet i Oslo.

Kristel Jæger Skorge tiltrer stillinga som direktør på Kunsthøgskolen i Oslo 22. mars 2021. Ho tar over stillinga etter Annemarie Bechmann Hansen som nå er direktør for Statped.

Pressekontakt

Pressespørsmål blir koordinert av kommunikasjonstemaet v/ Atle Faye, tlf. 913 47 369, e-post: atle.faye@khio.no