Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 97, Firefox (Android) 95, QQ browser 10.4, UC browser 12.12, Android WebView 97, Baidu 7.12, Chrome 97, Chrome 96, Chrome 95, Chrome 94, Edge 97, Edge 96, Firefox 96, Firefox 95, Firefox 94, Firefox 91, Firefox 78, Internet Explorer 11, Safari/Chrome (iOS) 15.2-15.3, Safari/Chrome (iOS) 15.0-15.1, Safari/Chrome (iOS) 14.5-14.8, Safari/Chrome (iOS) 14.0-14.4, Safari/Chrome (iOS) 12.2-12.5, KaiOS 2.5, Opera Mini, Opera Mobile 64, Opera 82, Opera 81, Safari (MacOS) 15.2-15.3, Safari (MacOS) 15.1, Safari (MacOS) 14.1, Safari (MacOS) 13.1, Samsung 16.0, Samsung 15.0

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Kathrine Tolo. Foto: Eigil Aasen
Kathrine Tolo. Foto: Eigil Aasen

Kathrine Tolo ny professor i kles- og kostymedesign

Kunsthøgskolen har tilsett Kathrine Tolo som professor i kles- og kostymedesign ved avdeling Design

- Eg er veldig glad for at vi får ein slik kapasitet som Kathrine Tolo med på laget, seier dekan Karianne Bjellås Gilje ved avdeling Design. - Tolo vil tilføre mykje for undervisning og rettleiing i kles- og kostymedesign, og også for fagutviklinga i heile avdelinga, seier Gilje.

Kathrine Tolo er utdanna ved Statens handverks- og kunstindustriskole, Bergens kunsthandverksskole, Ecole Nationale Superieure des Ars Visuels de la Cambre og Escola Superior de Belas Artes de Lisboa. Ho har meir enn 30 års erfaring som kostymedesignar og scenograf og har opparbeidd eit omfattande nasjonalt og internasjonalt nettverk etter designoppdrag med kjente framsyningar i inn- og utland i tillegg til stipendopphald i Belgia, Portugal og Frankrike. Ho har også undervisningspraksis frå fleire norske høgskolar.

Tolo sin kunstnarlege profil er basert på materialkunnskap, drakthistorie og moderne design. Ho dekker eit mangfald av kompetanseområde som maske, parykk, kostyme, sko, tekstile bearbeidingsteknikkar i tillegg til dame og herretilskjæring.

Kathrine Tolo bur i Oslo og tiltrer 40 % stilling frå 1. januar 2017 i eit åremål på seks år. Studieretninga for kles- og kostymedesign legg grunnlag for at studentane kan utvikle ein eigen signatur som kles- eller kostymedesignar og verke profesjonelt i feltet etter gjennomført utdanning.

Sjå også omtale på Sceneweb