
Veit du om nokon som bør studere på KHiO?
Vil du hjelpe oss så KHiO får endå fleire fantastiske og kreative studentar?
Til studiestart hausten 2022 skal KHiO rekruttere nye studentar til 22 forskjellige studieprogram.
No startar den store rekrutteringskampanjen. Alle vidaregåande skolar, forskolar og ungdomskolar får tilsendt informasjon. KHiO har bannerannonser i sosiale media.
Også alle tilsette og studentar får tilsendt marknadsføringsmateriell som vi håpar kan bli spreidd vidare til potensielt interesserte søkjarar. Og du kan dele, og like, i sosiale media.
Studere ved KHiO?
Kommunikasjonstemet har laga reklame-DM og tre plakatar til potensielle søkjarar til å bli student på KHiO.
DM
DM står for direct mail og betyr reklame sendt via e-post. Den inneheld kort informasjon om studium og søknadsfrist med bilete frå faget og lenkje til intervju med tidlegare studentar. Versjonen er tilpassa for mobiltelefon (som ca 80 % vil bruke når dei mottar meldinga).
Dette skjer:
Vidaregåande skolar og fagskolar får tilsendt DM med informasjon om dei 22 studieprogramma.
Tilsette og studentar får e-post med DM for det studiet/den avdelinga du jobbar eller studerer.
Vi treng hjelp til:
Student: Vidaresend DM til ein person du trur kan være interessert!
Fagtilsett: Vidaresend DM til andre fagpersonar i bransjen som er i kontakt med potensielle studentar.
NB! DM via e-post kan du også lese i nettversjon, men det er diverre teknisk umogleg å gjere det motsett, dvs. vidaresende nettversjonen/nettsida som DM via e-post.

Plakat
Det finst tre forskjellige reklameplakatar:
- KHiO generell (norsk) - last ned pdf
- KHiO søknadsfristar (norsk) - last ned pdf
- KHiO generell (engelsk) - last ned pdf
Plakatane kan stå enkeltvis eller samla i gruppe, for eksempel på ei stor oppslagstavle.
Dette skjer:
Vidaregåande skolar og forskular i heile landet får e-post der vi ber dei laste ned og henge plakatar på oppslagstavler på campus.
På KHiO blir plakatane vist på informasjonsskjermen i servicesenteret og på oppslagstavler.
Vi treng hjelp til:
Tilsette og studentar: Last ned plakaten, ta utskrift i A3 og henge opp ein stad du veit "flokken vår" går forbi!
Annonsevignett
Til kvar av søknadsfristane er det laga annonsevignett til sosiale media. Desse blir publisert ca. ein månad før søknadsfristen går ut.
Dette skjer:
Annonsevignettar som blir publisert på KHiO sine sider på Facebook og Instragram.
Søknadsfristane blir annonsert i nyheitsbrevet På KHiO, som går ut kvar måndag.
Vi treng hjelp til:
Tilsette og studentar: Del den glade bodskap på di eiga Facebook-side eller eigen Instagram-konto! Fyll gjerne på med ei personleg historie, bilete eller video, frå arbeidsplassen der du jobbar. Hugs å tagge med #khio + eventuell emneknagg for faget/studiet.
Søknadsfrist | Nedlastbar fil | ||
01.02. | Fellesannonse
Masterstudium i opera Annonse masterstudium i visuelle fag |
Fellesannonse
Annonse masterstudium i visuelle fag Annonse skodespelarfag |
Fellesannonse |
01.02.og 21.02. | Fellesannonse dans | Fellesannonse dans | |
01.04. | Fellesannonse | Fellesannonse |