
Studieslutt 2022
Fredag 24. juni avsluttar KHiO studieåret 2021/22.
På denne sida har vi samla ulike informasjonsskriv og oversikt over viktige datoar og fristar i samband med avslutning av studieåret.
Viktige datoar
Juni
21. Verkstader stenger for sommaren
24. Biblioteket stenger for sommaren (kl. 15.00)
27. Campus er stengt for studentar*
28. Frist for å sende inn utleggsrefusjon (kl. 12.00)
*Unntak gjeld for studentar som har fått innvilga søknad om «sommarstudio». Desse har tilgang gjennom sommeren fram til semesterstart i august.
Studentane får nærmare informasjon frå eiga fagavdeling om fristar for levering av teknisk utstyr, tømming av garderobe, studentområde og verksteder.
Juli
1. Sentralbordet stenger (kl. 15.00)
1. Servicesenteret stenger (kl. 15.00)
Studiestart
Det er laga ei eiga intranettside om studiestart.
Anna informasjon
Post og arkiv
Det vil bli levert post i heile sommar. Men i perioden 4.-29. juli vil det ikkje være utdeling av post, og arkivet er ikkje være tilgjengelig og for registrering av post i Public360, men alle brukarar har framleis full tilgang til systemet. Dersom det kjem inn post med kort svarfrist vert ein kopi vidaresendt til rett seksjon/person, - originalen vert lagt til arkivet og i ettertid registrert i Public360. Post som ikkje skal saksbehandlast i Public 360 (som faktura, timelister, direkteadressert post, invitasjonar, spørsmål om opptak m.m.) blir som vanlig fordelt direkte til posthyller i postrommet eller videresendt på e-post heile sommaren.
Ventilasjon og kjøling
I juli vil høgskolen ha svært avgrensa drift av ventilasjon- og kjølingsanlegg, noko som betyr at lokala kan bli til dels varme. Alle tilsette må gjerne benytte sin faste kontorarbeidsplass i denne perioden, men vert oppmoda om å benytte seg av ein ledig pult inne i kontorlandskapet der store delar av administrasjonen til vanleg held til. Her vil ventilasjon og kjøling være som normalt gjennom heile juli månad, og med gode arbeidsforhold. Ta med laptopen og finn ein ledig pult, det skal leggast til rette for nettopp dette. Dette kontorlandskapet er i 2. etasje i bygg 2.3 sør – i etasjen over rektoratet.
Utgiftsrefusjon og reiserekningar
Utgiftsrefusjoner og reiseregninger skal sendes via ESS eller DFØ-app. Se her for info. Det finnes også info/hjelp på DFØ sin side. Reiseregninger og refusjoner levert via ESS eller DFØ-appen, og som er anvist av leder innen 12. juli blir utbetalt 15. juli. (Neste utbetaling av anviste reiser er 12. august.)
Dersom du ikke har tilgang til ESS og har manuelle utgiftsrefusjoner/utlegg du ønsker utbetalt før ferien, må dette leveres til oss på regnskap senest 28. juni kl. 12.00. Det du leverer må være påført budsjettenhet og prosjektnummer, samt være anvist av leder. Også andre manuelle bilag må leveres regnskap innen samme frist. Alt som leveres etter 28. juni kl. 12 blir først utbetalt etter den 10. august.
God sommar!