Studieopphald i Arcueil våren 2020?

1. november 2019 er søknadsfrist for studieopphald ved Atelierhuset i Arcueil utanfor Paris. Prisen på opphald er sett ned og det er nå mogleg å leige huset for berre ei veke.

Arcueil

Atelierhuset ligg i Arcueil, ein liten kommune 5,3 kilometer sør for Paris. Huset har ei buflate på 110 m2 fordelt over ein 1. etasje på 55 m2 med kjøken, stove, bad, entré og soverom, 2. etasje på 55 m2 med atelier, toalett og soverom, kjellar på 30 m2 med tre mindre rom og ein liten forhage og bakhage på til saman 80 m2.

Huset har fire soveplassar fordelt på to soverom. Det er arbeids/atelierplass til fire personar.

Atelierhuset har ei fasinerande historie tilbake til 1939 då det blei kjøpt "til bruk for unge kunststuderande".

Les mer om historia til Atelierhuset i Acueil.

Søknadsfrist

1.november 2019 er søknadsfrist for studieopphald våren 2019.

Det er nå også mogleg å leige huset for opphald berre ei veke og prisane er nedjustert.

Les meir informasjon om søknadsprosess, retningslinjer og søknadsskjema på intranett for studentar.