Studiebarometeret 2019

KHiO-studentane scorar nokså likt landsgjennomsnittet i resultata frå den nasjonale studentundersøkinga i regi av Nokut.

Alle andreårsstudentar på bachelor og masterstudium fekk hausten 2019 tilsendt ei spørjeundersøking om studiekvalitet. Dette er sjuande gongen Nokut gjennomfører undersøkinga. Resultata frå universitet og høgskolar som har delteke vart offentliggjort 29. januar 2020 i portalen http://studiebarometeret.no

Studenttilfredsheit

KHiO-studentane scorar nokså likt landsgjennomsnittet, og på institusjonsnivå er det i stor grad dei same områda som peikar seg ut i år som i fjor. I svarkategorien "Eg er, alt i alt, tilfreds med studieprogrammet eg går på", (skala frå 1-5), gjev KHiO-studentane 4,1 i score.

I kategorien «eige engasjement» scorar KHiO godt over det nasjonale gjennomsnittet og studentane svarar positivt på spørsmålet om dei går på det studieprogrammet dei helst vil gå. I tillegg steig den overordna studenttilfredsheita.

I kategorien «yrkesrelevans» ligg svara frå KHiO-studentane ein del under landsgjennomsnittet. Studentane etterlyser meir informasjon om kordan kompetansen deira kan brukast i arbeidslivet og dei synest ikkje dei får moglegheit til å møte potensielle arbeidsgjevarar gjennom karrieredagar, bedriftsbesøk og liknande.

I kategorien «bruk av digitale verktøy» ligg svara frå KHIO-studentane også ein del under landsgjennomsnittet. Studentane er ikkje fornøgd med IKT-tenester og opplæring i bruk av digitale verktøy/program som er relevante for fagområdet.

Utfordringane knytt til yrkesrelevans og digitale verktøy er fanga opp i tidlegare undersøkingar og noko som blir adressert i det løpande kvalitetssikrignsarbeidet ved institusjonen.

Studentbarometeret viser at KHiO-studentane kjem på andreplass i landet når det gjeld kor mykje tid studentane brukar på studierelaterte aktivitetar. Norske heiltidsstudentar brukar i snitt 34 timar i veka på studiane, på KHiO brukar studentane i snitt 48 timar.

Nærare 32.000 studentar over heile landet har svart på årets undersøkelse. Det gjev ein svarprosent på 49. På KHiO har 51 studentar svart, noko som gjev ein svarprosent på 26 %. Det er ein nedgang frå 2018 då det kom inn svar frå 32 %.

Les Studiebarometeret 2019 for KHiO her.