Studentundersøkinga 2019-2020

KHiO-studentane er godt nøgde med studietilbod, undervisning og rettleiing, men få opplever at det er gode møteplassar med studentar frå andre fagområde. Svarprosenten er på 30 %, mot 36 % i fjor.

Totalt besvarte 165 studentar undersøkinga i vårsemesteret 2020, dette utgjer 30 % av alle inviterte (551)1. I 2017-2018 var svarprosenten på 50 %, i 2018-2019 var den på 36%. Målsettinga er at 60 % av studentane svarer på undersøkinga.

Hovudfunn

Det er små endringar i resultata og den generelle tilfredsheita blant studentane er god.

Studentane er godt nøgde med studietilbod, undervisning og rettleiing.

Studentane har lite kontakt med studentar frå andre fagområde ved KHiO og få opplever at det er gode møteplassar for å møte andre studentar ved andre avdelingar.

Studentane svarar at dei i nokon grad er kjent med kva studentdemokratiet arbeider med, men få deltek aktivt.

Ved tilfelle om mobbing og uønskt seksuell merksemd opplever studentane i større grad enn tidlegare år at dei veit kor dei skal vende seg for å få hjelp og opplever at hendingar blir fulgt opp på ein god måte.

Studentundersøkinga viser at det finst fleire tilfelle der studentar og lærarar røykjer i lokala til KHiO.

Les heile rapporten: Studentundersøkelsen 2019-2020

Oppfølging

Studentundersøkinga er ein viktig del av kvalitetssystemet på KHiO og navet i studenttilbakemeldingar.
Læringsmiljøutvalet (LMU) har drøfta rapporten og bedt leiinga fortsetje fokuset på kommunikasjon og samarbeid og om å sjå på moglegheitene for sosiale møteplassar for studentane.

I den vidare oppfølginga skal:

Dekanar presentere undersøkinga for studentar og fagtilsette, og både studentar og fagtilsette skal være med i diskusjonar om tiltak
Dekanar, seksjonssjefar og direktør skal lage handlingsplanar for korleis undersøkinga skal følgjast opp i avdelingar og seksjonar
Handlingsplanane skal inngå i den årlege kvalitetsrapporten for den enkelte avdeling/seksjon og kvalitetesrapporten for KHiO.

Studentundersøkinga viser studentanes tilfredsheit med læringsmiljøet ved Kunsthøgskolen i Oslo. Føremålet med den årlege undersøkinga er å styrkje arbeidet med kvalitetsutvikling og gje nyttig informasjon om læringsmiljøet.

Totalt svarte 165 studentar på undersøkinga i vårsemesteret 2020, dette utgjer 30 % av alle inviterte (551)1. I 2017-2018 var svarprosenten på 50 %, i 2018-2019 var den på 36 %. Målsetninga er at 60 % av studentane svarar på undersøkinga.