Studentundersøkinga 2018-2019

KHiO-studentane er godt nøgde med studietilbod, undervisning og rettleiing, men få opplever at det er gode møteplassar med studentar frå andre fagområde. Studentane involverer seg også i liten grad i studentdemokratiet. Svarprosenten har gått ned frå 50 til 36 %.

Hovudfunn

Det er små endringar i resultata og den generelle tilfredsheita blant studentane er god.

Studentane er godt nøgde med studietilbod, undervisning og rettleiing.

Studentane har lite kontakt med studentar frå andre fagområde ved KHiO og få opplever at det er gode møteplassar for å møte andre studentar ved andre avdelingar.

Studentane svarar at dei i nokon grad er kjent med kva studentdemokratiet arbeider med, men få deltek aktivt.

Ved tilfelle om mobbing og uønskt seksuell merksemd opplever studentane i større grad enn tidlegare år at dei veit kor dei skal vende seg for å få hjelp og opplever at hendingar blir fulgt opp på ein god måte.

Studentundersøkinga viser at det finst fleire tilfelle der studentar og lærarar røykjer i lokala til KHiO.

Les heile rapporten: Studentundersøkelen ved Kunsthøgskolen i Oslo, 2018-2019

Oppfølging

Studentundersøkinga er ein viktig del av kvalitetssystemet på KHiO og navet i studenttilbakemeldingar.

Læringsmiljøutvalet (LMU) har drøfta rapporten og bedt leiinga fortsetje fokuset på kommunikasjon og samarbeid og om å sjå på moglegheitene for sosiale møteplassar for studentane.

I den vidare oppfølginga skal:

  • Dekanar presentere undersøkinga for studentar og fagtilsette, og både studentar og fagtilsette skal være med i diskusjonar om tiltak
  • Dekanar, seksjonssjefar og direktør skal lage handlingsplanar for korleis undersøkinga skal følgjast opp i avdelingar og seksjonar
  • Handlingsplanane skal inngå i den årlege kvalitetsrapporten for den enkelte avdeling/seksjon og kvalitetesrapporten for KHiO

Mal for handlingsplan

Studentundersøkinga 2018-2019

Studentundersøkinga viser studentanes tilfredsheit med læringsmiljøet ved Kunsthøgskolen i Oslo. Føremålet med den årlege undersøkinga er å styrkje arbeidet med kvalitetsutvikling og gje nyttig informasjon om læringsmiljøet.

Invitasjoner til Studentundersøkinga 2018-2019 vart sendt ut 20.03.19 med svarfrist 03.04.19. På grunn av låg svarprosent ble fristen utsett til 10.04.19. Totalt svarte 195 studentar, - dette utgjer 36 % av alle inviterte (535). I 2015-2016 var svarprosenten på 63, i 2016-2017 var den på 56, i 2017-2018 var den på 50 %. Målet er ein svarprosent på 60.