Statsansatteundersøkelsen 2021
Måndag 18. oktober blir "statsansatteundersøkelsen 2021" sendt ut til eit representativt utval statstilsette. Også enkelttilsette på KHiO får tilsendt spørsmål.
"Statsansatteundersøkelsen" har som mål å finne ut korleis folk har det på jobb. Difor vil eit representativt utval statstilsette motta utsendinga via både e-post og SMS.
"Statsansatteundersøkelsen" blir gjennomført kvart tredje år.
DFØ har det faglege ansvaret for undersøkinga på vegne av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Undersøkinga skal gje et overordna bilete av korleis statleg tilsette opplever ulike sider av sin arbeidssituasjon.
Resultata skal gje eit kunnskapsgrunnlag for å vidareutvikle statens sentrale arbeidsgjevarpolitikk.
Statistisk sentralbyrå (SSB) hjelper til med utsendinga av undersøkinga. Svara går til DFØs samarbeidspartnar Rambøll gjennom verktøyet SurveyXact. Undersøkinga er anonym. Resultata blir publisert på nyåret.
Den statlige arbeidsgjevarpolitikken skal bidra til at statlege verksemder oppfyller sine samfunnsoppdrag, gjennom å rekruttere, utvikle og halde på kompetente medarbeidarar. Undersøkinga er eit viktig instrument for å få dette til og DFØ håpar på stor oppslutnad og høg svarprosent.
Les også: Statsansatteundersøkinga 2018