Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 92, Firefox (Android) 90, QQ browser 10.4, UC browser 12.12, Android WebView 92, Baidu 7.12, Chrome 92, Chrome 91, Chrome 90, Edge 92, Edge 91, Firefox 91, Firefox 90, Firefox 89, Firefox 78, Internet Explorer 11, Safari/Chrome (iOS) 14.5-14.7, Safari/Chrome (iOS) 14.0-14.4, KaiOS 2.5, Opera Mini, Opera Mobile 64, Opera 78, Opera 77, Safari (MacOS) 14.1, Safari (MacOS) 14, Safari (MacOS) 13.1, Samsung 14.0, Samsung 13.0

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Semesterstart 2021/2022 - praktisk informasjon

Semesterstart 2021/2022 - praktisk informasjon

23. august 2021 er det semesterstart på KHiO.

Velkommen til nytt studieår på KHiO!

På denne sida finn du relevant informasjon du bør vere kjent med før du kjem til campus. Sida vert løpande oppdatert med informasjon om kva du bør gjere deg kjent med som ny student, semesterregistrering, forkurs, opningstider og anna. Det er særleg viktig at du les informasjonen om smittevern, denne kan bli endra på kort varsel på grunn av nye nasjonale eller lokale reguleringar.

Hugs at det er obligatorisk oppmøte første studiedag!

Kalender

02.08. Sentralbordet opnar (kl. 09.00-15.00 måndag - fredag)
02.08. Servicesenteret opnar (kl. 08.00-15.00 måndag - fredag)
09.08. Biblioteket opnar
16.08. Verkstadskurs
23.08. Offisiell semesterstart (09:00 Avdelingsvis mottak / 13:00 Digitalt velkomstmøte med rektor og dekanar)
23.08. Kantina opnar (kl.10.00-15.00 måndag - fredag)
24.08. Digitalt informasjonsmøte for nye studentar med fellesadministrasjonen (09:00 norsk / 09:45 engelsk)
24.08. Digital spørretime: Trenger du hjelp med å melde deg til undervisning? Er du usikker på hvilke emner du skal velge? Eller har du andre ting du lurer på? Delta på digital spørretime for nye studenter og få svar fra studieadministrasjonen på det du lurer på.  Tid og sted: 24. august, kl. 11-12, Zoom-lenke sendt på e-post.

NB! Det er ikkje fastsett felles dato for når campus opnar for studentar på 2. og 3. studieår bachelor og master, sjå informasjon du mottar frå avdelinga. Sjå også timeplan i TimeEdit.

Opningstider

Verkstadskurs

Obligatoriske sikkerhetskurs på verkstadene i starten av semesteret er organisert av fagavdelingane - informasjon og innkalling vil komme derfrå i god tid før kursa startar opp.

Kantina

KHiO-kantina heiter Seilduken Spiseri og er drifta av SiO.

Ny student på KHiO?

Velkomen som ny student på KHiO.

KHiO har ei eiga intranettside med informasjon til nye studentar. Her har vi samla informasjon om rutinar med e-post og it-brukarkonto, semesterregistrering og semesteravgift, studentbevis og adgangskort m.m.

Semesteravgift og registrering

Hugs å betale semesteravgift og registrer deg for å få tilgang til IT-system, Canvas, studentbevisappen, utbetaling av studielån og tilgang til bygningen. Logg deg på Studentweb der du finn faktura. Når du har betalt, kan du registrere deg. Meir informasjon finn du på intranettside om semesteravgift og registrering.

Smittevern / Korona restriksjonar

På nettsida www.khio.no/korona finn du oppdatert informasjon om gjeldande smittevernstiltak på KHiO. 

Som ny student må du setje deg inn i kva smittevernstiltak som til eikvar tid er gjeldande. Du må også sjølv oppdatere deg om nasjonale reglar, lokale reglar for Oslo (eller den kommunen du er busett), karantene, vaksinering og vilkår for innreise til Noreg.