Semesterstart 2020/2021

Måndag 17. august er det semesterstart på KHiO. På denne sida har vi samla informasjon om viktige datoar og fristar i samband med nytt studieår.

Juli

27. Sentralbordet opnar (kl. 09.00-15.00).
27. Servicesenteret opnar og er betjent (kl. 08.00-15.00).

August

10. Timeplan tilgjengeleg i TimeEdit
10. Biblioteket opnar
10. Verkstadkurs startar (sjå også eige menypunkt)
10. Registering av adgangskort startar
17. Semesterstart for studentar
17. Kantina Seilduken Spiseri opnar

Timeplan

Informasjon om undervisning finn du i Time Edit. Timeplanen for dei tre første vekene av semesteret vert publisert i juli. Timeplan for heile haustsemesteret vert publisert 10. august.

Verkstadkurs

10.-14. august

Ved enkelte avdelingar er det introduksjonskurs/sikkerheitskurs i fellesverkstedane denne veka. Studentar som skal være med på kurs får informasjon om dette frå avdelinga. I tillegg er det oversikt over kursa i TimeEdit.

Sjå også meir informasjon om og bilete av verkstadane på khio.no


Ny student på KHiO?

Velkommen som ny student på KHiO.
KHiO har ei eiga intranettside med informasjon til nye studentar. Her har vi samla informasjon om rutinar med e-post og it-brukarkonto, semesterregistrering og semesteravgift, studentbevis og adgangskort m.m.
Hugs at det er obligatorisk oppmøte første studiedag.

Semesteravgift og registrering

Hugs å betale semesteravgift og registrer deg for å få tilgang til IT-system, Canvas, studentbevisappen, utbetaling av studielån og tilgang til bygningen. Logg deg på Studentweb der du finn faktura. Når du har betalt, kan du registrere deg. Meir informasjon finn du på intranettside om semesteravgift og registrering.

Smittevern

KHiO planlegg for at studentar og tilsette kan være på campus nesten i same utstrekning som før koronaepidemien. Det betyr at studentar og tilsette kan få tilgang verkstader, scener, songrom, arbeidsplassar, atelier og andre rom i nesten samme grad som før, med noko tilpassing for å ivareta smittevernomsyn.

Smittevernomnsyn vil likevel leggje nokre avgrensingar.

  • Regel om minst 1 meter avstand.
  • Avgrensing om kor mange som kan være til stades samtidig i dei enkelte romma.
  • Avgrense undervisning med fysisk kontakt, undervisning i grupper kan bli flytta til større rom for å kunne ha 1 meter avstand.
  • Noko undervisning vil skje digitalt.
  • I de fleste verkstedane er rutinane for bruk av verneutstyr endra. Studentar må ha personleg verneutstyr ettersom verneutstyr ikkje kan delast.
  • Det er også krav om bruk av verneutstyr som normalt ikkje er "påkravd", til dømes påbod om bruk av maske og briller ved kurs på strikk, saum og ved andre verkstadar.

På intranett er det ei eiga informasjonsside om koronaepidemien.

Vel møtt til semesterstart!